Alle har hatt gode og nyttige funksjonar , men også avgrensingar og ulemper. Slik er det jo med det meste. Programvara vi har no dekker ei rekke andre funksjonar enn berre det å handsame og lese sakspapira.  Vi både stemmer, ber om ordet, replikk, følgjer talarlista, skrive inn framlegg til vedtak, hentar alle vedtak som blir lagt inn og som det skal stemmast over. Vi må flytte oss ut og inn i deler av skjermbildet i høve til dei ulike oppgåvene. I tillegg så skal også sakspapir hentast fram i eit heilt nytt skjermbilde om du treng dei. For å lette den teknisk gjennomføringa av møta blir merksemda til politikarene trekt bort i frå talarstolen, og det som skjer i salen, og over på det å ta seg av nettbrettet.

Eit demokratisk problem. Det er mykje sakspapir til kommunestyremøta. Dei fleste møta ligg på vel 200 sider men det har også vore møter med over 600 sider i sakspapir siste året.  Fleire i kommunestyret nyttar difor private dataverktøy i tillegg til nettbrettet frå kommunen. Dei har trong for to skjermar under møtet. Det gjeld berbar PC eller telefon. Det er klart at det er ein føremon å følgje saksgangen i møtet og på same tid ha saksutgreiinga framføre seg.  Problemet er at ulik tilgang på hjelpeverktøy gir ulike vilkår for deltaking i møta. Det blir eit demokratisk problem.

Fokus på politikk. Eg vil ha fokus på det som skjer i møtet. Politikk er på sitt beste når vi i samspel med kvarandre einest om gode vedtak, med bakgrunn i god saksutgreiing ifrå kommunedirektøren.

Er eg møteleiar så vil eg prioritere å være til stades i møte med deltakarane framfor å sitte med nasen vendt mot ein skjerm.  Eg er der fordi eg er folkevald til å drive politikk, og ikkje for å syne fram kor god eg er på å bruke dataverktøy. Eg oppfattar ikkje at eg er noko sinke, som har vegring eller treng meir opplæring.  Må vi nytte programvare som i praksis krev meir utstyr- så må kommunen vurdere om det er verd kostnaden.  Eg vil ikkje sitte og knøle med å formulere meg på ein mobiltelefon, eller kjøpe ein ny PC til naudsynte sakspapir i kommunestyret. Eg treng ikkje fleire datamaskinar.

Val av dataverktøy. Ved kjøp av ny programvare er det vanleg at brukarane er med og definerer kva ein treng. Kommunestyret har ikkje vore involvert i val av programvare. Heller ikkje i vurderinga bak å bytte program. Kunne vi med fordel ha greidd oss med noko mindre avansert og truleg rimelegare? Som politikar ville eg vald sakspapira  framom teknisk møtegjennomføring. Det siste har nok administrasjonen mest nytte av.  Det som er viktigast for meg er å ha enkel og grei tilgang til sakspapira under møtet. Så slepp eg å pugge alle dei 600 sidene.

Ansvaret til ordføraren. Ordføraren har ei stor oppgåve med å sørge for at alle kjem til orde og at alle syn kjem fram før vedtak vert fatta. Slikt får vi gode vedtak av. Den tekniske gjennomføringa kan lett bli farga av eit ønske om å få kontroll på innskriving og levering av framlegg i datasystemet. Merksemda omkring hjelpeverktøy tek for stor plass. Det vert eit hinder og ikkje ei hjelp.  Det gjer at eg blir uroa over kvaliteten på det vi leverer.

Ei kvardagsleg sak. Før sommaren 22 fekk eg støtte i frå formannskapet og ordføraren på at vi skulle ha ei sak med drøfting av arbeidsform i første møte til hausten. Sia har eg etterlyst saka, fleire gonger. Det ser ut som det er lett å gløyme, og lett å unnskylde. I formannskapet 23.01 valde eg difor å stemme imot godkjenning av saklista då denne saka nok ein gong mangla i innkallinga. Å måtte ta i bruk heile verktøykassa for å få drøfte ei så kvardagsleg sak kjennest litt surrealistisk. No er saka lova, enno ein gong – og så får vi sjå.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal