Forklar:

- Kvifor har då Statens vegvesen ilag med nokre nøkkelpersoner på Molde klart å bruke alle planleggingsmidlar, fleire hundre million kroner på Møreaksen?

- Kvifor har ikkje Statens vegvesen fulgt prioriteringane ang E-136, og korleis har det egentlig blitt til at Møreaksen har klart å «snike» så fundamentalt i køa?

Sist veke var det konferanse ang E-136 i Ålesund.

Absolutt alle, næringslivet, FrP, AP, SP og Høgre sine representantar var klokkeklare på at E-136 frå Ålesund til Bjorli, var og er prioritet nr 1 her i fylket.

Kvifor stemte AP, SP, og Høgre imot mitt framlegg i Stortinget om å byggje E-136 Ålesund til Bjorli, og sørge for at dette prosjektet faktisk vart prioritert som nr 1 her i fylket?

Alle er enige om at E-136 er prioritet nr 1, likevel har Statens vegvesen og ein «klan» ikring Møreaksen prestert å skubbe E-136 ut i årtier på årtier.

Heldigvis har Nye vegar as no fått strekninga på E-136 frå Vestnes til Bjorli, no er det faktisk eit reelt håp for snarleg utbygging.

Greinalaust er det derimot at E-136 frå Moa til Vestnes ligg i Statens vegvesen sine hender, utsetting på utsetting, trenering og atter trenering har vi opplevd til no.

Vi får gjere det vi kan for at Nye vegar as får ansvaret for heile strekninga Ålesund til Bjorli på E-136, då blir det veg!

Så er det no også snart på tide å «dykke» under overflata på kva som egentlig har foregått ikring Møreaksen, både i Statens vegvesen og i «Møreaksenklanen».

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal