Lokalavisa «Driva» har (31/3) reist heilt til Grimstad for fyldig å portrettere ein «brennevinskonge», og «Dagbladet» gir rikeleg med plass til billege «testvinnarar» av brennevin. Til og med bladet «Pensjonisten» gir oss solid vinreklame, og TV-programmet Lindmo (31/3) gir ei livfull skildring av korleis heltane våre i alpinbakken no avsluttar sesongen med alkoholfuktige slag.

Samtidig blir vi i «Adressa» informert om at Høgres ordførarkandidatar i Trondheim ikkje er nøgd med alkoholskjenking til kl 0200 om natta, trass i at partiet seier seg å vere opptatt av «kunnskapsbasert politikk» og åtvaringane frå politiet.

Og frå partiet MDG – med alle sine gode miljøprogrampostar – kjem det landsmøtevedtak om at cannabis-bruk (marihuana og hasj) må legaliserast. Det skal visst ifølgje tilhengarane vere bra både for både miljøet og folkehelsa – trass i rapportar frå USA og Canada om auke m.a. av psykiske problem, fødselsskader og trafikkulykker – og ingen reduksjon i bruken av andre rusmiddel.

For norsk ruspolitikk er mislykka, hevdar mange. Det må vel vere fordi alkoholbruken er såpass beskjeden i europeisk samanheng, trass i ein gjennomsnittsauke frå 3 liter pr person over 15 år i 1950, til 5 liter i 2000 og 7,44 liter i 2021 – eller at Italia i forhold til befolkningstalet no har fleire fråhaldsfolk enn landet vårt.

Eller kanskje feilen er at norsk ungdom enda ligg svært lågt når det gjeld bruk av andre rusmiddel enn alkohol.  Folkehelsa vil sikkert betre seg tydeleg om unge og eldre får enda sterkare oppfordringar gjennom media om å skjerpe seg når det gjeld å bruke rusmiddel?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal