I eit samfunn er det barna som er det aller viktigaste. Det er dei som er framtida. Det er dei som i framtida skal pleie oss når me er sjuke, løyse energikrisa, reparere bilen når den havarerer, møte oss med service i butikken, finne kuren mot kreft og det er dei som skal byggje bustader og samfunn. Det kviler litt av eit ansvar på barna, og det betyr at me også må satse på dei. Dessverre er ingenting av det skuleleiinga på Gossen ønskja blitt tatt med i innstillinga til budsjettet. Det blei blant anna bedt om midlar til lærebøker. Elevane på Gossen Barne- og ungdomsskole har ikkje oppdaterte fysiske lærebøker. Elevane får med seg kopiar heim. Det er ikkje miljøvenleg og berekraftig. Dei har ikkje lærebøker dei kan lese i, bla i og slå opp i. Førsteklassingane har ikkje eingong ei ABC – bok. Lærebøker er anbefalt i tillegg til lærebrett av lese- og skrivesenteret for best læring. Kvifor går Aukra kommune i mot anbefalinga?

Vidare i julesongen synge me; «Så rekker jeg deg nå med glede min hånd, kom, skynd deg og gi meg den annen. Så knytter vi kjærlighets hellige bånd og lover å elske hverandre.». Ordføraren i Aukra sa nyleg; «Me ønsker alle velkomne – uansett alder og helsetilstand». Det er raust og noko me kan vere stolte av. Også i skulen er alle elevar velkomne. Det betyr at skulen har fleire oppgåver enn tidlegare. Mykje handlar om livsmeistring. Å meistre livet er ein kunst, og er det er ein ting vi ikkje skal ta oss råd til så er det at nokon fell utanfor – det er ei tragedie både personleg og samfunnsøkonomisk. Skulen ber om fleire miljøterapeutar. Ikkje berre på dei elevane som har vedtak, men miljøterapeutar som kan vere der ved behov. Det heiter nemleg ikkje «time out» i skulen, det heiter «time in». Det betyr å vere saman med. At nokon kan vere der for å beskytte, trøyste, vise godheit og hjelpe å organisere kjensler. For at lærarane skal kunne ivareta og lære barna våre, treng dei nok folk!

For over 2000 år sidan følgde tre vise menn ei stjerne og fann verdas lys – eit BARN. Dei gleda seg og ga barnet gåver. Det aller viktigaste vi har er barna. Me ber difor om at dei vise i Aukra kommune skal skjenke gåver i form av lærebøker og nok ressursar i skulen. Sats på barna og dei unge, då vil me klappe i hendene, synge, le og bli så glad. Heilt sikkert også svinge oss i kretsen og bukke og neie.

Med ønskje om ei god jul og eit godt nyttår!

Helsing FAU ved Gossen Barne- og Ungdomsskole

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal