Vi fekk full støtte frå kommunestyret i problemstillingane vi tok opp, og saka vart oversendt til administrasjonen for behandling. Som vi veit er leksehjelp ingen plikt, men ein gratis rett som alle elevar har i grunnskulen. Kommunane sjølv kan bestemme korleis dette vert organiserast innafor visse rammer (tidspunkt, klassetrinn, dagar osv).

Problemet med tilbodet i Rauma, og i mange andre kommunar, er at det berre er elevar som bor i gangavstand til skulen som kan benytte seg av retten, fordi lovverket ikkje gir rett til skyss.

Kommunane kan likevel,  saman med fylkeskommunane organisere leksehjelp på ein slik måte at alle elevar kan ta imot tilbodet.

Det som er det mest forunderlege i Rauma er at det var bestemt at skulebussar som skyssar eldre elevar heim, på same tid som når elevar med leksehjelp var ferdig, og som hadde ledig kapasitet, likevel ikkje tilbydde skyss.  Dette var, og er sjølvsagt ikkje greitt. Etter vår meining handlar dette om vilje, samarbeid og organisering mellom kommunen og fylkeskommunen. Det kostar heller ikkje ei krone ekstra om bussane sin kapasitet blir utnytta.

Det har vert mykje korrespondanse og saksutredning mellom Rauma Ap og kommunen i denne saka, først i oktober fekk vi avklart  at elevane får lov sitte på bussane, men berre om føresette betalar skysskostnadane og sjølvsagt må det være ledig kapasitet. Så langt greitt.

Rauma Ap sender så nytt spørsmål til kommunen og ber om at rektorane må få ei oversikt over kva bussar som har ledig kapasitet på dei ulike rutene slik at dei kan formidle dette vidare til føresette, då det er lite hensiktsmessig at kvar enkelt forelder/elev må finne ut av dette på eiga hand.

Kommunen svarar i november at administrasjonen og  rektorane ikkje er involvert i organisering og dimensjonering på ein slik måte at dei kan svare ut dette. Ifølge kommunen er det berre Fram eller Veøy som kan svare. I svarbrevet frå kommunen er det og opplyst om at busselskapa vil stenge tilbodet, som no er gitt, om kapasiteten på bussane «blir sprengt».

Så etter fem og ein halv månad med saksgang og korrespondanse står elevar med behov for skyss heim etter leksehjelp, i realiteten utan tilbod. Rauma Ap har derfor teke  kontakt med fylkeskommunen i saka.

Rauma Ap meiner at alle elevar skal behandlast på ein likeverdig måte, jamfør opplæringslova,  og har derfor sendt saka vidare til Møre og Romsdal Ap,  til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og som sak til Arbeiderpartiet sitt landsstyremøte i 2023,  vi krev rett til skyss etter leksehjelp etter same reglar som ordinær skuleskyss.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal