Midt i den største næringspolitiske krisa landet har sett, arbeidsplassar forsvinner og næringslivet sliter, har altså fylkesrådmannen fokuset på å hindre utvikling av fylket.

Enda ein vanvittig klima og miljøplan har fylkesbyråkratane brukt tusenvis av timar på, for å kome fram til noko så inn i hampen greinalaust som Arealnøytralitet.

Arealnøytralitet, smak på ordet.

Det skal altså stillast enda fleire kjeppar i hjula for dei som ynskjer å utvikle næringslivet, bygge industri på land og til vanns, eller nødvendig infrastruktur.

Dersom fylkesrådmannen og fylkesadministrasjonen har så god tid at dei kan holde på med slikt fjas, beviser dei at vi burde få fylkeshusnøytralitet, dvs leggje ned heile fylkeskommunen istaden.

Fylkeskommunen er totalt utgått på dato. I sak etter sak dei siste tiåra har vi som politikarar her i fylket måtte kjempe i mot byråkratiet på Molde. Kva positiv sak for næringslivet, folket eller heilt nødvendig infrastruktur har fylkesrådmannen på Molde vore pådrivar for?

Stort sett null og nada!

Vi har dei siste åra fått høyre at fylkeskommunen sin økonomi er på dunken, vi skulle i 2022/23 ha ca 460 mill kr i negative fond, resultatet pr i dag er 760 mill kr på bok, den fantastisk fylkeshuset på Molde bomma med meir enn ein milliard.

I 2021 var prognose for årsresultatet slik framlagt til fylkestinget frå fylkesrådmannen:

- Juni mnd: ca  12 mill kr i overskot

- Oktober mnd: ca 44 mill kr i overskot

- Desember mnd: ca 200 mill kr i overskot

- resultat i januar: 392 mill kr i overskot.

Hadde slik greinaløyse blitt akseptert i ei privat bedrift?

Til dømes vidaregåande skular, framtida vår, ungdommen vår, har kvart år blitt urettvis kutta med mange titals million kr. Dei vidaregåande skulane til dømes burde fått fleire lærarstillingar og fleire linjevalg, auka ressursar istaden for store kutt.

Kanskje fylkesadministrasjonen heller burde brukt tida si på tiltak for å motvirke den greinalause regjeringa med SP og AP som vi har for tida, og sørge for tiltak for å verne næringslivet og arbeidsplassane til vanlige folk.

Vi kan ikkje holde på slik i næringsfylket nr1 Møre og Romsdal, der ein bevist planlegg problem for alt av nødvendig infrastrukturbygging i framtida.

Arealnøytralitet må faktisk være noko av de dummeste eg har høyrt som har kome frå fylkeshuset på Molde, kven har prestert å kome på noko slikt? Dette makkverket av ein miljø og klimaplan bør skrotes langt ned i ei skuff, og ikkje ein einaste administrative time til skal brukast på slikt næringsfiendtlig planverk.

Målet til fylkesrådmannen om «AREALNØYTRALITET» burde være tidenes søknad om nedleggelse av fylkeskommunen.

Sei eit klart og tydeleg :

- ja til næringslivet i heile fylket

- ja til utbygging av ny infrastruktur

- ja til å skape vekst, utvikling og nye arbeidsplassar på land og til vanns

Sei NEI til meir fylkeskommunalt byråkrati og sei JA til nedleggelse av fylkeskommunen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal