Dei flyttar heller til lågare skatteland eller skatteparadis enn å bidra i det nasjonale spleiselaget mellom utgifter og inntekter.

Kanskje har dei som hissar seg mest opp, heller ikkje registrert at dei sosiale skilnadene både i samfunnet vårt og i fleire av dei landa vi samanliknar oss med, har auka kraftig dei siste tiåra, og at dette er ein vesentleg årsak til veksande sosial uro og politisk ustabilitet. Tala fortel oss at den rikaste prosenten av befolkninga i landet vårt eig om lag 25 prosent av all formue, og har ei lønnsutvikling som tar ein stadig større del av inntektene, medan dei med lågast lønn nesten har stått stille dei siste 15 åra.  Over 100 000 born veks opp i fattige familiar.

Truleg har dei som ytrar seg mest indignert i media heller ikkje fest seg ved at køane ved fattighus og behova for sosiale og religiøse naudhjelpstilbod har auka – langt ut over det dei nasjonale velferdsordningane skulle fange opp. For dei hjelpetrengande har ikkje vore av dei som har hatt stor fordel av høgprioriterte skattelettelsar, men tvert om jamleg vore ramma av usosiale innstrammingar. Og dei veksande klimautfordringane rammar som kjent heller ikkje dei fattigaste minst, korkje nasjonalt eller globalt.

Etter mitt skjønn bør vi alle i «verdas rikaste land» vere i stand til å sjå at skatten bør vi alle bidra til, med sikte på at vi skal yte etter evne og få etter behov.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal