Molde Formannskap vedtok i desember 2019 ein intensjonsavtale med Angvik Eiendom AS med mål å lage eit samarbeidsprosjekt om å etablere ein Eiendoms Hub. Saken kom ikkje opp i det påfølgande kommunestyremøte som sak eller referatsak.

På sin feriefullmakt , som er fullmakt til å fatte vedtak i enkeltsaker som ikkje er prinsipielle, signerte ordføraren i juli 2021 i lag med Gudmund Lode, juridisk sjef i Fylkeskommunen ein intensjonsavtale om Prosjekt utvikling av Reknes Kompetansehub.

Av protokoll for Formannskapet i august 2021 kan ein sjå at 5 stemte for at ein skulle ta opp att intensjonsavtalen med Angvik Eiendom som bestemt i Formannskapet 3. desember 2019, 3 stemte for at saken skulle sendes til hovudutval Teknisk for handsaming der og at 12 stemte for at ein skulle avklare vidare egna avtale med Angvik Eiendom i eit oversendingsforslag.

Molde kommunestyre stadfestar formannskapets vedtak 23. september og vedtar:

«Molde formannskap ber kommunedirektøren jobbe videre med realisering av prosjektet sammen med Molde eiendom KF.  Økonomiske konsekvenser av realisering av prosjektet for kommunen blir en å komme tilbaketil i senere sak.»

I dag er Molde Bærekrafthub eigd av Molde Kommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune med sju millonar kvar seg i aksjekapital.

Eit senter for ein bærekraftig bygge og eigedomsindustri som skal tilby produkter, verktøy og tenester og som møter behovet i markedet heiter det på heimesida til selskapet. (Mi oversetting frå engelsk)

IfølgeBrønnøysundregisteret er det vedtektsfesta formålet til dette aksjeselskapetå «Være en pådriver/tilrettelegger, nettverksbygger og møteplass for åutvikle en bærekraftig eiendomsforvaltning innenfor offentlig og privat sektor.Stimulere til at det utvikles kompetanse/nye utdanninger innen bærekraft ibygg- og eiendomssektoren".

Korsen skal ein leie an i bygge og eigedomsindustrien og korsen bærekraftige produkt og tenester er det Molde kommunes selskap tilbyr i markedet?

Er desse tenestene og produkta tatt i bruk i Molde kommunes mange formålsbygg og og leiligheiter?

Kva er ein «bærekraftshub» eller «eigendomshub»? Kva skal ein slik konstruksjon jobbe med?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal