Problemet er at det Jenny Klinge her seier, er det motsette av det Senterpartiet gjer når det no styrer landet. Sidan Senterpartiet kom i regjering hausten 2021, har skattebyrden for næringslivet blitt skrudd opp gong etter gong. Og skatteauken har gått aller hardast ut over dei bedriftene som har norske, lokale eigarar – slik som det aller meste av næringslivet på Sunnmøre.

Det er ikkje for ingenting at næringslivet på Sunnmøre og Vestlandet elles no gjer opprør mot Senterpartiet sitt regjeringsprosjekt – med SV som fast støttehjul på Stortinget.

Det er sjølvsagt prisverdig at Jenny Klinge og Møre og Romsdal Senterparti prøvde å stoppe denne galskapen på Senterpartiet sitt landsmøte i helga, med å foreslå lågare formuesskatt på arbeidande kapital. Men no er helga over, og vi veit fasiten: Jenny Klinge fekk ikkje støtte av Senterpartiet sitt landsmøte.

Samtidig har Senterpartiet sitt samarbeidsparti SV fått ein ny partileiar som i si opningstale gjekk til eit voldsomt angrep på norsk næringsliv, og varsla ytterlegare skatteskjerpingar for Vestlands-bedriftene i åra framover.

For Venstre er denne situasjonen heilt uhaldbar. Venstre vil ha lågare skatt på norske bedrifter og norsk verdiskaping. Det handlar om å sikre arbeidsplassar, og om å sikre vekst og utvikling i distrikts-Noreg.

Venstre samarbeider gjerne med Jenny Klinge og Senterpartiet om å redde norsk eigarskap i næringslivet. Men då må Senterpartiet slutte å velje SV som bestevenn og samarbeidspartner i utforminga av skattepolitikken. Per i dag er ei røyst på Senterpartiet ei røyst på at SV har handa på rattet i skatte- og næringspolitikken. Det går ikkje, og det har veljarane på Vestlandet skjønt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal