Hjorten gjer stor skade på jord- og skogbruk og på naturmangfaldet. I tillegg er hjorten ein fare i trafikken. Hjortestammen i fylket må reduserast.

I Jakt &Fiske 02.2023 tar Erling Meisingset i NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) til orde for å sette lågare jaktkvoter for hjort i våre område. Etter jaktsesongen 2022 høyrer vi frå fleire at dei meiner det er mindre hjort i terrenget enn tidlegare.

 Det er uttalt bekymring for om hjortestammen er i tilbakegang. Tala frå SSB viser at det var felt 11 387 hjort i 2022, mot  13 627 i 2021. Det ser kanskje ut som ein stor endring på kort tid, men vi hadde ein spesielt mild haust med gode beiter og lite snø. Vi er difor ikkje sikre på at trenden er snudd så markant.

Linda Aaram, direktør for miljøvern og landbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Foto: Privat

Vi er ikkje uroa over at bestanden går ned, og meiner fleire omsyn talar for å halde avskytinga på eit høgt nivå fleire år framover. Måla om bestandsreduksjon vil ikkje bli nådd om vi vegrar oss så snart vi ser antyding til effekt av innsatsen.

Utviklinga i hjorten sin kondisjon er uroande og slaktevektene for kalv er redusert med nærare 10 prosent sidan år 2000. Vi forstår difor ikkje at det no vert tatt til orde for lågare kvoter.

1 Figuren viser utvikling i slaktevekt for kalv felt i oktober(tal frå hjorteviltregisteret). Dei siste 20 åra er trenden at kalvevektene har gått jamt nedover. Det er fleire faktorar som verkar inn på kalvevekter, men bestandstettleik og samansetning, samt tilgang til gode beiter, er viktige faktorar.

Gir store kostnader for landbruket

Hjorten liker seg på godt gjødsla eng. Difor er jorda til dei mest aktive bøndene mest utsett. Ei undersøking gjort av Landbruk Nordvest hjå fleire bønder i Aure, viste at hjorten sin beiting reduserte gjennomsnittsavlinga for kvar dekar med ein rundball. Ein rundball kostar omlag 500 kroner, så fleire bønder i vårt fylke vil kunne ha over 100 000 kroner i avlingstap. Vidare fører omfattande hjortebeiting til meir jordarbeid og såing.

Fleire dalføre og lisider har så stor hjortebestand at skogeigarane ikkje klarar å få opp att ny skog. Dette gjeld mellom anna i delar av Gjemnes, Sunndal, Molde, Rauma, Stranda og Ørsta. Plantene vert beitt ned. Nokre døyr, andre vert som «heksekostar» med mange nye skot og dårleg kvalitet.

Når gran er beiteplante for hjorten, er meir prefererte artar som rogn, osp og selje allereie beitt ned. I dei mest utsette områda er det berre or som kjem over knehøgde. Planta skog har gjerne ein middeltilvekst på over ein kubikkmeter per dekar i året i desse områda, noko som i dag utgjer rundt 500 kroner. For høg hjortebestand gjer det vanskeleg for skogeigar å oppfylle plikta med å få opp att ny skog etter hogst.

Frank Madsøy, direktør for miljøvern og landbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Foto: Privat

Negativt for naturmangfaldet

Høg hjortebestand kan og truge det biologiske mangfaldet. Eit eksempel på dette er blåbær, ein nøkkelart i skogøkosystemet. Blåbær kan bli beitt heilt ned og i praksis døy ut i hardt belasta område. Alm er og sårbar for barkgnag og beiting frå hjort. I fleire edellauvskogreservat gjer hjortebeiting at det ikkje lenger er forynging av alm, i tillegg er det gnageskader på vaksne tre.

Påkøyrslar gir lidingar og skader

Det er årleg registrert rundt 500 kollisjonar mellom hjort og bil i vårt fylke. Dette påfører hjorten store lidingar, og kan også gje personskade. I tillegg kjem materielle skader og kostnader.

Forvaltninga i kommunane og fylkeskommunen har lenge prøvd å snu trenden med vekst i hjortebestanden. Når ein slakkar av på innsatsen så snart ein anar at bestanden er mindre enn året før, blir resultatet at bestanden fortsett å vekse. I delar av vårt fylke er ikkje bestandsnivåa berekraftig korkje for hjorten sjølv,  for landbruksnæringa, naturmangfaldet eller andre interesser.

Det er ingen direkte samanheng mellom jaktresultat og bestandsnivå. Vi er difor ikkje sikre på at hjortestammen er redusert. Vi er derimot sikre på at hjortestammen må reduserast. Ut frå føre-var-prinsippet ber vi difor om at kommunane aukar kvotene, og at jegerane gjer det dei kan for å fylle dei.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal