Sjømat Norge som er næringa sin interesseorganisasjon har starta ein massiv kampanje for å stoppe innføringa av den nye skatten. Det er lett å forstå. Dei gjer som interesseorganisasjon, berre jobben sin. Høyrer ein på leiaren i utvalet som har greidd ut saka er ho tydeleg på at det berre ikkje skulle mangle på at ein har venta alt for lenge med å innføre denne nye skatten.

Det er fullt forståeleg at ei familieeigd bedrift kjemar for best mogelege rammevilkår, men regjeringa vil gje heilt fritak for dei minste i næringa. Det er ikkje meir enn seks selskap som utgjer heile 60 prosent av oppdrettsnæringa. Overskotet frå desse går for det meste ut av landet og grunnrenteskatten kan slik vere med på å berge ein del av denne skattelekasjen

Meir overraskande har det vore å registrert kor lett mange av våre aviser har hengt seg på hylekoret, som næringa har kjøpt og sikkert betalt i dyre domme.

Det var i starten tenkt at fiskeoppdrett skulle verte ei ny næring som skulle styrke busettinga på kysten der mindre fiske truga fisskebruk og busetting. Slik gjekk det ikkje. Dei aller fleste som prøvde seg med fiskeoppdrett frå starten gjekk konkurs. Fiskesjukdomar og medisinkostnader var den tyngste kostnadane som knekte mange.

Denne utarminga har ført til at ein handfull selskap har kjøpt opp og samla dei opprinnelege konsesjonane i få store selskap, eigde og kontrollert av storkapitalen. Desse oppdrettselskapa har tre gonger så høg avkastning, som om kapitalen var plassert på Oslo Børs. Det er difor ikkje til å undrast over at regjering fann tida inne til å gå til skattlegging no. Både eneriområde som straum og olje har liknande skattlegging.

Dei som er imot ordninga ønskjer å få den utsett med 1 år. Det er forståeleg av fleire grunnar. Det er eit argument at ordninga skal innførast før høyringsfristen er ute. Det erlikte sakleg om regjeringa har tenkt å ta omsyn til høyringsinnspel.

Oppdrettsnæringa er berekraftig med ein god økonomi, som tåler denne skatten. Staten har selt konsesjonar og styrer slik marknaden. Grunnskatten vil dei etter nærare reglar dele med kommunane.

Kommunane plasserer oppdrettsanlegg i sine fjordarmer og staten tek betalinga for nye konsesjonar. Det er slik ei konfiskering av strandsoner der grunneigar sit at med ulemper av forureining, støy og skjemmande kostruksjonar i sitt tilvære. Etter grunnlova skal det gjevast økonomisk kompenssjon og vederlag. Om dette vert lang til grunn i framtida bør det bli kommunens ansvar å gje denne erstatninga til dei rette grunneigarane. I trdlegare tider hadde vi noko som vart kalla landslott, som var ei avgift dei som fiska i fjordane svara til grunneigaren fordi dei festa reidskapen med landnot i strandsona. Noko liknande kunne dekke det som er ulempa med fiskeoppdrett for dei som er busett i strandlinja til fiskeoppdrett

Det er ei kjent sak at det vert ei oppsamling og opphoping av matrestar og avføring under oppdretta. Difor må det innførast ei ordning med rutiner og tilsyn med at dette vert utført i praksis. Dette kravet er oppdrettsnæringa sitt ansvar, sjølv om det til denne tid ikkje har vore noko som er praktisert, men som framtida vil kreve.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal