Hustadvika  kommune framstår som ein tilnærma rein bokmålskommune. Kommuneavis, nettsider og saksdokument har nesten ikkje nynorsk.(6%) Det er ikkje å vere språknøytral.

Etter lovbrota i saka på Jendem skule i 2020/21, skreiv administrasjonen at kommunen ønskjer nynorskskular.  Det må i tilfelle etterlevast med tiltak som styrker nynorskopplæringa  ved dei tre nynorskskulane i kommunen. Eitt av fleire stikkord i den samanhengen, er Nynorsksenteret med dei ressursane og samarbeidstiltaka det tilbyr. Mållaget ser fram til store forbetringar.

Språkarbeidet i skulen må samordnast med den språkstimuleringa ungane får i barnehagen. Gode samarbeidsrutinar – som me veit er i godt gjenge - må au gjelde språk. I ein nynorsk-krets er det særleg viktig at ungane alt i barnehagen møter nynorsk (og dialekt) i regler, rim, opplesing og song og me vil - som før – gjerne hjelpe til.

No gjeld det framfor alt å få å plass ein språkbruksplan, og heldigvis vil eit klart fleirtal av dei folkevalde  påskunde arbeidet med ein slik plan. Det er bra.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal