Registrerer at enkelte i media og i «Møreaksenklanen» forsiktig jublar over at Frank Sve angjeveleg ikkje kjem i fylkestinget i neste periode. Det er dessverre for dei slett ikkje tilfelle, då det faktisk er DU som velger som bestemmer dette.

Førige fylkestingsvalg sette eg ny rekord her i fylket med over 6000 personstemmer. Om eg skulle få ein brøkdel av dette som kryss på valglista, susar eg sjølvsagt rett inn på fylkestinget på rimeleg sikker plass.

Så folkens, berre for å stoppe gleda til «Møreaksenklanen», sett eit kryss på meg på valgsedlene til fylkestingsvalget neste haust, så blir eg sjølvsagt å sjå på talerstolen i fylkestinget i framtida også. I kampen for dine saker for heile fylket!

Frank Sve (Fortsatt fylkestingskandidat for Møre og Romsdal Frp)

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal