Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i statsbudsjettet for 2023 å fjerne investeringstilskotet til bygging av hus for menneske som får helse- og omsorgstenester i heimen heile døgnet.

Det forslaget kan ikkje vere anna enn eit arbeidsuhell. Her må alle som skjønar samanhengen protestere før forslaget til statsbudsjett skal opp i Stortinget. Viss ikkje, så blir det ei ulukke.

Fleire har alt protestert, men dei aller fleste legg vekt på bygging av institusjonar og eldreomsorg. Vi kan knapt sjå at nokon tenker på utviklingshemma; menneske som treng omsorgstenester heile livet.

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen seier til NRK at «regjeringa er i gang med ei reform som skal gjere det trygt å bu lenger heime». Kor er den heimen for ein vaksen med utviklingshemming?

Vår eigen vaksne son har barneautisme og alvorleg utviklingshemming. Han aleine leiger eit heilt hus av Molde kommune. Det er to menneske på jobb hos han heile døgnet. Det er heimen hans.

Denne heimen hans er ikkje utforma etter hans individuelle krav til ein heim, og huset er nedslite. Det finst plan for å bygge nytt til han; og tilsvarande for nokre andre som treng nytt hus straks.

Frå 2008 har vi hatt ei statleg husbankfinansiering av slike hus, som saman med høg husleige har gjort det nærast gratis for kommunen å bygge nytt. Så har kommunen heller lete vedlikehaldet vere.

No risikerer vi at det blir full stopp for alle slike planar som ligg hos oss pårørande, og som rette tenesta i kommunen har gått inn for i forkant av nytt kommunalt investeringsbudsjett.

Kva ser departementet og regjeringa då føre seg som ei løysing på behovet for å få bygd nye heimar til dei som treng det; dei svakaste av dei svake, og som ikkje er mellom dei kjøpe- og kapitalsterke?

Vi møtte for få dagar sidan Per Vidar Kjølmoen, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, og fortalte han om kva kommunen og vår eigen son risikerer etter forslaget frå regjeringa.

Kjølmoen sit verken i regjeringa eller i rette komiteen på Stortinget, men han var fullt klar over at det har kome inn protestar, og han innsåg dei negative følgjene det vil få om forslaget skulle bli vedtatt.

Det har kome mange innspel mot forslaget i statsbudsjettet, sa han, og han var samd i at det er viktig å få fleire til å reagere på det uheldig forslaget. Derfor må no så mange som råd protestere, seier vi.

Skal vi tolke alt slik at det har skjedd ei arbeidsulukke i Helse- og omsorgsdepartementet, og at det i regjeringspartia og opposisjonen finst vakne folk som vil sørge for at urett mot dei svake ikkje skjer?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal