Dei meiner fylkeskommunen må kvitte seg med nynorsken og gjere seg språknøytral – og dei bruker sjølvaste Ivar Aasen som trumfkort mot ”tvangen”.

Denne teksten fortener nokre kommentarar:

1. Lesarane må få det inntrykket at dette er ei programsak for Høgre i Møre og Romsdal. Det er det ikkje, det står ikkje i fylkesprogrammet. Men Grav og Molvær ønskjer nok å fremje og profilere seg på denne saka?Slik sett er det  truleg ein del av valkampen og venteleg ei sak for eigne kandidatur.

2. Fylkeskommunen er ein stor tekstprodusent. Mange møter nynorsk – dvs. les og skriv språket – mellom anna fordi denne institusjonen brukar og frontar nynorsk – etter retningslinjer som er smidigare enn det desse to høgrepolitikarane gir uttrykk for. Det er flott og gjer at mange blir eksponert for nynorsk. Vidare må det nemnast at det i dag er svært mange gode hjelpemiddel anten ein skriv bokmål eller nynorsk.

3. Ivar Aasen ville heilt sikkert ha vore stolt av at nynorsk er demokratisk valt som administrasjonsspråk for heimefylket. Å ta Aasen til inntekt for ein språknøytral fylkeskommune, er problematisk og lite truverdig.

4. I 1836 lanserte den 22-årige Ivar Aasen (1813-1896) programmet sitt for ei norsk målreising. (”Om vort Skriftsprog”). Dette i ei tid då 100% av det skriftfesta var på dansk, og realiseringa av eit norsk skriftspråk var ein framtidsdraum. Han ville ikkje skremme bort ev. støttespelarar for prosjektet sitt.

5. Språklova. Det er påfallande – men nok ikkje tilfeldig – at dei to ikkje nemner den nye språklova gjeldande frå 1.01.22. Etter denne har det offentlege ”eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka av dei to  norske skriftspråka”. Møre og Romsdal fylkeskommune kan nettopp vise veg i så måte. Ut frå målsettinga i denne lova er det altså styrking og satsing på språkleg medvit og kompetanse som  er framtida.

Sunnmøre Mållag ved leiar Ingebjørg Røyrhus Øyehaug

Romsdal Mållag ved leiar Øyvind Fenne

Nordmøre Mållag ved leiar Ingrid Kjønnøy

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal