Både Helge Orten frå Høgre og Alfred Bjørlo frå Venstre valte å skrive lesarinnlegg mot meg etterpå. Hovudpoenget deira syntest vera å få fram kor fortreffeleg deira eigne parti er og kor håplaust Senterpartiet er.

Bjørlo har til og med misoppfatta vedtaket frå landsmøtet vårt, når han skriv at eg ikkje fekk støtte til eit framlegg om lågare formuesskatt på arbeidande kapital. Landsmøtet slo derimot klart fast at denne forma for formuesskatt skal ned. Men vår delegasjon frå Møre og Romsdal ville gå endå lenger og fjerne denne skatten på arbeidande kapital. Dette framlegget kom i mindretal, slik vi venta, men vedtaket er uansett ein seier for alle som er opptekne av betre vilkår for norskeigde bedrifter. Her er det viktig å ikkje gjera det beste til det godes fiende.

Eg ønskjer ikkje å gjera denne saka til ein ping-pong-diskusjon mellom V, H og oss i Senterpartiet. Eg trur heller vi bør begynne med å vera einige om at ingen av partia våre har hatt ein optimal politikk når det gjeld den formuesskatten som rammar norske bedriftseigarar som privatpersonar.

Den Høgre-styrte regjeringa gjorde grep som drog i to ulike retningar. Dei reduserte satsen for formuesskatt, noko som var fint. Men dei reduserte også rabatten for verdifastsetting av næringseigedom og sekundærboligar betydeleg. Dei auka ikkje denne rabatten igjen før det begynte å nærme seg stortingsvalkamp. Så det går opp og ned og att og fram i politikken.

Viss vi kan sjå framover i staden for bakover, lover det bra at landsmøtet til Senterpartiet slo fast at formuesskatten på arbeidande kapital skal ned. Det er trass alt viktigare å gjera gode grep framover enn å krangle om fortida.

Formuesskatt på arbeidande kapital inneber at bedriftseigarane må betale formuesskatt for verdien av lokale og utstyr som bedrifta deira allereie har brukt pengar på å investere i. Dei betaler skatt av slikt som pakkemaskina, trucken eller fabrikklokala. Dette er verdiar som dei ikkje kan bruke til å betale den same skatten, og det skapar problem for mange. Og det gjeld berre norske bedriftseigarar, ikkje utanlandske.

Senterpartiet ønskjer å stimulere til vekst og utvikling i heile landet vårt, også med skatte- og næringspolitikken. Vi er avhengige av fleirtal på Stortinget for å få gjennomslag for ein distriktsvenleg politikk. Invitasjonen frå Venstre om at vi skal skifte ut SV som «bestevenn og samarbeidspartner» er dessverre lite attraktiv all den tid Venstre saman med Høgre har ført ein veldig sentraliserande politikk som går utover næringslivet mange stader. Sjølv om skatt er viktig for næringslivet, er det også avgjerande at lokalsamfunna rundt er levedyktige og at folk og næringsliv har tilgang på viktige offentlege tenester.

Når det er sagt, er samarbeid om skattepolitikken og helst breie forlik openbart ein fordel for næringslivet, fordi det blir meir forutsigbart. Verken SV eller V kan seiast å vera «bestevenene» våre politisk, men ein kjem langt om ein kan dra i lag på tvers av posisjon og opposisjon på dei politikkområda der det trengst mest. Ein invitasjon til å gjera dette kan forhåpentlegvis gjelde begge vegar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal