Folk vil ha meiningsfulle liv.

Men før det treng vi å klare oss.

Og for å klare det må vi ha noko å leve av.

Vi folkevalgte snakkar ofte med store ord.

Jamvel eit politikar språk som ikkje er alle til del å forstå.

Det vi gjer det kan skape avstand.

Mellom dei som har valt oss og vi som har fått rolla.

Eg har undra meg over kvifor vi gjer det.

Trur vi at vi har blitt bedre enn folka som har valt oss?

Kan makt og posisjon bli for fristande?

Folk treng dei små orda.

Folk treng å bli sett der dei er.

I det dei står i.

Dei treng lovnadar som kan haldast.

Som vi gjer alt vi kan for å halde.

Alt anna er som å kaste blår i augene.

Folk treng ein stad å bu.

Ein barnehageplass.

Eit arbeid.

Trygge rammevilkår.

Gode relasjonar.

Eg fekk ei påminning denne veka, når ein hovedtillitsvalgt sa til meg:

«Fredagspils på jobben er ikkje for alle lenger. Det kan skape avstand. Vent til det er lønningsdag.»

Vi er i ein periode for landet der mange har problem med å klare seg økonomisk.

Folk er uroa for om å klare seg.

Ungdom er uroa over meininga med livet.

«Det enklaste er ofte det beste» heiter det.

No er det enklaste å ta inn over seg at mange ikkje har det lett.

Og at små endringar, små løysingar kan bety enormt.

Før valet for 4 år sidan gjekk vi rundt og spurde: «Kva er viktig for deg?»

Huskar vi kva folk svara?

Mange hadde ikkje svar.

Kanskje fordi dei kjende at dei allereie hadde alt som var viktig?

Eller kanskje var spørsmålet uvant?

Det er berre få år sidan.

Eg trur fleire har svar i år.

GJER DET ENKLARE FOR OSS Å KLARE OSS.

Ikkje la det koste så mykje for barnet mitt å bruke idrettshallen

Ikkje la det vere så lang ventetid på psykolog.

La ferjene gå.

La bestemor få egg kvar morgon på sjukeheimen, om ho vil ha det.

La meg få vere glad.

Ønsket om å vakne til ein ny dag – og ikkje uroe seg.

Akkurat no, som Åge Alexandersen syng, er det viktigaste av alt å vere svært lydhør.

Å sjå dei som har gitt deg tillitt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal