KRONIKK

Byggebransjen ser til Molde

Et skoleeksempel: Romsdal vgs. 

Kronikk

Nordens største skolebygg i massivtre ligger i Molde og vekker oppsikt over heile landet. 12 400 kvadratmeter der 950 elever og 200 tilsette held hus. Men det som gjer at Romsdal videregående skole er blitt eit skoleeksempel, er at den blei bygd raskare enn planlagt, billegare enn referansebygg, og med  innovative løysningar som mellom anna har gitt et svært godt inneklima.

Romsdal videregående skole er enkelt fortalt blitt fortellinga om vegen norsk byggebransje må gå for å lykkast i framtida.  For dette er prosjektet heidra med Bygg21´s pris for beste praksis.

Per Olaf Skuseth Brækkan  Foto: Terje Aamodt

Denne veka samlast representantar frå byggenæringa i Molde for å diskutere korleis vi kan få ein betre byggebransje.  Initiativtakaren er Bygg21, eit utval som på vegne av Direktoratet for byggekvalitet har brukt de siste fem åra på å samle eit «arkiv» med beste praksisar som kan bidra til økt bærekraft og lønnsemd i bransjen. Vår erfaring med å bygge Romsdal videregående skole, Europas største skole i massivtre, tilseier at desse praksisane bør følgast. 

Byggenæringa sysselsett meir enn 250 000 personer kvart år og har ei årleg verdiskapning på over 200 milliardar kroner. Samstundes er Norge blant dei dårlegaste landa i Europa når det gjeld byggekostnader.  Resultatet er dårleg inntening hos majoriteten av våre fremste entreprenører. Dersom vi ikkje sjølv klarer å produsere meir kostnadseffektivt vil utanlandske selskap garantert gjere det for oss. Dermed kan norske arbeidsplasser og skatteinntekter gå tapt. Det er altså viktig, både for bransjen, nasjonen og for regionen vår, at lønnsemda aukar og at beste praksisar vert følgt. Frå Romsdal har vi dradd følgjande lærdom.

Flinke folk, på riktig plass til rett tid

Det aller viktigaste var at vi hadde flinke folk på riktig plass til rett tid. Ei lenke er aldri er sterkare enn sitt svakaste ledd og dette gjeld spesielt for byggebransjen. Ofte er mange hundre personar involvert i ein byggeprosess og da har vi ikkje råd til at nokon av ledda svikter.

For å oppnå riktig kompetanse i alle ledd må byggherrar, prosjektleiarar og oppdragsgivarar bli betre til å forstå si eiga rolle og prosjektet sitt kompetansebehov. Leverandørane si evne til å nå prosjektet sitt mål er minst like viktig som lågaste pris.

God samhandling er avgjerande

Ein annan viktig faktor var god samhandling. Her trur eg ein av de viktigaste føresetnadane er leiarar med god relasjonskompetanse. Det hjelp ikkje at ein mellomleiar er dyktig på prosesshandtering om ikkje vedkomande kan samarbeide med folk rundt seg.

For å hjelpe entreprenørar og andre aktørar i bransjen med å lykkast med dette har bygg21 utarbeidet ein seks punkts vegleiar som eg vil anbefale. Her blir open framferd og tillit tatt fram som openbare ingrediensar til et godt samarbeid, ein konklusjon eg absolutt er einig i.   

Industriell tankegang

Ventetid, dobbeltarbeid, misforståingar og uutnytta potensial kan fort bli dyrt. Heldigvis slapp vi å oppleve mykje av det under bygginga av Romsdal VGS.  Det trur eg vi kan takke god planlegging og «flyt»-tankegang for.

«Flyt»-tankegang inneberer heile tida å jobbe for å bruke standardiserte metodar, at vi automatiserer deler av prosessen og at vi aktivt nyttar teknologiske løysingar. Moglegheitene som har kome med digitaliseringsbølga er enorme, og byggebransjen er ikkje noko unntak.

En felles dugnad

Vi er svært stolte av at vi klarte å levere ein av Europas flottaste og mest miljøvenlege skolar før tidsfristen og innanfor budsjett. Men vi kan gjere det betre. No handlar det om å ta med seg dei positive erfaringane vidare og sette enda meir ambisiøse mål. Vi ønsker derfor å bygge neste skolebygg  20 prosent raskare, 20 prosent betre og 20 prosent billigare enn Romsdal videregående.

Dugnaden for ein meir bærekraftig og lønsam byggebransje er viktig for heile landet og noko ikkje berre heile bransjen bør engasjere seg i. Offentlege byggherrar som kommunar og fylke må også kjenne sitt ansvar.

Per Olaf Skuseth Brækkan, eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Vi har for tiden tekniske problem med vårt kommentarfelt. Vi beklager ulempene det medfører.
Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kronikk