KRONIKK

Heilt vanleg, nesten

Du har kanskje sett meg dei siste månadene, i sentrum av Molde by. Med kvit stokk og mørke solbriller går eg etter innøvde ruter mellom skulen, kulturskulen og busstasjonen, alltid på veg frå A til B. Det er mange måtar å førestille seg livet mitt på, men det er berre eg som veit korleis det er å vere meg.

Illustrasjon: Mari Watn 

Kronikk

Torsdag 1. november var det tid for årets Operasjon Dagsverk for skuleelevar frå heile landet. Mitt bidrag i år blir denne teksten. Eg håper han kan bidra til at fleire kan sjå heile biletet av eit liv som mitt, også frå innsida.