Barn har krav på vern mot alle former for vald og omsorgssvikt og alle har eit ansvar for å hindre at det skjer. Barneverntenesta har eit særleg ansvar for å gripe inn for å sikre at barn som lever under skadelege forhold får nødvendig og rett hjelp til rett tid. Dette gjeld både i akutte krisesituasjonar og når situasjonen over tid har utvikla seg til å bli uhaldbar for barna. Barneverntenesta har dette ansvaret både i kontortida, på kveldstid, i helger og i feriar. Det krev både beredskap og kompetanse å takle denne utfordringa.

Barn i krisesituasjonar treng tilgjengeleg og kompetent hjelp

Også i vårt fylke er det mange barn som blir utsett for omsorgssvikt og mishandling. Slike vanskar oppstår når som helst. Både barna sjølve og dei vaksne rundt barna skal difor ha nokon å søke hjelp hos til ei kvar tid. Slik er det ikkje i dag. Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har ordinær arbeidstid. Arbeidsdagen er slutt når kontoret stenger om ettermiddagen. Men vanskane i familiane tek ikkje slutt om kontora stenger. Tilsette i barnevernet i kommunane har difor ofte kjent seg personleg ansvarlege for å vere tilgjengelege utanom kontortida og har gjort ein innsats langt utover det som kan forventast. Dette er uhaldbart både for dei tilsette og for dei som treng hjelp. Det skaper også ein altfor tilfeldig praksis for dei barna som treng hjelp i akutte situasjonar. Slik kan vi ikkje ha det i Møre og Romsdal.

Krav i barnevernslova

Barnevernslova krev at alle tenester i barnevernet skal vere forsvarlege. Det betyr at tenestene må vera tilgjengelege til rett tid og ha tilstrekkeleg omfang – ja, dei må ha god kvalitet Det er slått fast at alle kommunar må ha personell med barnevernfagleg kompetanse som kan hjelpe barn i krisesituasjonar - også utanom vanleg kontortid.

Andre etatar som politi og legevakt har beredskap heile døgnet. Mange akuttsituasjonar i barnevernet krev eit tett samarbeid med slike hjelpeinstansar, men barneverntenesta kan ikkje overlate ansvaret for dei barnevernsfaglege vurderingane til andre. Barn i krisesituasjonar treng først og fremst barnevernfagleg hjelp og desse situasjonane må behandlast på rett måte så snart dei oppstår. Det må difor gjerast tydeleg for alle – både innbyggarar og andre instansar - kven som har ansvar for barn i krisesituasjonar utanom kontortid og korleis dei kan kontaktast.

Kartlegging av status i kommunane

I mai 2017 vart det gjennomført ei nasjonal kartlegging av kor mange kommunar som har tilgjengelege barnevernstenester utanom kontortida. Det var berre 8 av kommunane i Møre og Romsdal som hadde ei formalisert ordning med barnevernsvakt og vi var eit av dei fylka som kom dårlegast ut i heile kartlegginga. Det kom også fram at det er store variasjonar i kvaliteten på dei ordningane som er etablert. Tida er difor inne for å sikre barnevernsvakt i alle kommunar i Møre og Romsdal

Etablering av barnevernsvakt

Vi veit at fleire kommunar i desse dagar er i gang med å planlegge etablering av barnevernsvakt. Barnevernsvakt kan organiserast på ulike måtar og kommunane må difor analysere sine eigne behov for å finne ut kva slags løysing som passar best. I dette arbeidet er det er viktig å avklare fleire viktige forhold som m.a.:

- Kva skal til for at barn i vår kommune kan få best mogleg hjelp i krisesituasjonar?

- Ligg det til rette for at fleire kommunar kan etablere barnevernsvakt i lag?

- Korleis sikre best mogleg samanheng mellom barnevernsvakta og den vanlege barneverntenesta?

- Kva slags etablerte strukturar for samhandling med andre instansar bør vidareførast når vaktordninga blir etablert?

- Kva slags løysing vil i størst grad sikre god kompetanse og gjera tenesta mest mogleg tilgjengeleg?

Støtte frå Fylkesmannen

Fylkesmannen ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for at alle kommunar i Møre og Romsdal skal få ei formalisert ordning med barnevernsvakt i løpet av 2018 og vil nytte ulike verkemiddel for å støtte kommunane i gjennomføringa. Først og fremst ønskjer vi å prioritere midlar til prosjektskjønn til dette formålet. Alle kommunane kan altså søke om prosjektsskjønnsmidlar til barnevernsvakt – både dei som skal starte opp nå og dei som ønskjer å utvikle ordningar som alt er etablerte. Etter 2018 skal alle barn i akutte krisesituasjonar i Møre og Romsdal ha tilgang til kompetente barneverntenester heile døgnet alle dagar i året. Vi oppfordrar difor alle kommunane om å søke prosjektskjønnsmidlar til barnevernevernsvakt i 2018

Skrevet av Lodve Solholm, Fylkesmann Møre og Romsdal

Fylkesmann Lodve Solhom.