Media har i det siste gjeve merksemd til den utfordringa det er å bygge og bu i skredfarlege område. At denne problematikken blir løfta fram og diskutert er positivt. Eg vil derfor nytte høvet til å orientere litt om dei utfordringane naturen representerer når vi saman skal utvikle Møre og Romsdal.

Vi bur i eit fylke med spektakulær natur med høge fjell, brusande elvar og storhavet mot kysten. Stort sett er dette til glede for både innbyggjarar og turistar. Samtidig er desse kvalitetane ei utfordring som det må takast omsyn til når ein avgjer kvar det skal byggast. Når det kjem ønske om å bygge i eit område må det avklarast at området ikkje er hefta med risiko.

Plan- og bygningslova med forskrift set krav til trygg byggegrunn. Sentrale styresmakter har avgjort kva som kan aksepterast av flaum- og skredrisiko mot byggverk. Reglane om tryggleik mot skredfare skal først og fremst sikre liv og helse men òg materielle verdiar. Til dømes er det krav om at bustadar skal ligge trygge mot 1000-årsskredet. 1000 år er eit langt tidsperspektiv. Går vi 1000 år tilbake i tid kjem vi til slutten av vikingtida i Noreg! Ein skjønar då fort at det ikkje nyttar med «manns minne» når ein skal vurdere om eit område har akseptabel skredrisiko eller ikkje.

Det er alltid betre å førebyggje mot uønskte hendingar, enn å handtere desse i etterkant. Kommunane har med plan- og bygningslova eit godt verktøy for å sikre trygge og robuste lokalsamfunn. Førebygging skal skje gjennom god arealplanlegging der naturfarane blir vurdert og avklart. Kommunane skal berre tillate utbygging i område som er tilstrekkeleg trygge mot naturfarar. Dette er lova veldig klar på. Det er døme på kommunar som har godkjent utbygging i område der kommunen har, eller burde hatt, kunnskap om naturfarar. Dette er av domstolane blitt vurdert som uaktsamt, og dei har pålagt kommunane heilt eller delvis erstatningsansvar.

Vi ser no at nedbøren blir meir lokal og intens, og den gjer skade i område som før vart rekna som trygge. I «Klimaprofil Møre og Romsdal» står det at som følgje av auka nedbørsmengde vil faren auke for fleire ulike typar skred, som jord-, flaum- og sørpeskred.

I Møre og Romsdal må vi også i arealplanlegginga ta omsyn til sekundærverknadar av store fjellskred som kan føre til flodbølger. Store område langs Storfjorden kan bli utsett for flodbølgje ved eit skred frå Åkneset i Stranda kommune. Sekundærverknadar av skred, som flodbølgjer, har same krav til tryggleik som «tradisjonelle» skredtypar. I Storfjorden gjev derfor flodbølgjefaren restriksjonar på arealbruken. Kommunar må handsame plansaker i flodbølgjeutsette område på same måte som plansaker i skredutsette område.

Det er likevel slik at det er ingen regel utan unntak. Plan- og bygningslova opnar for at på visse vilkår kan det likevel tillatast utbygging i flodbølgjeutsette område som i utgangspunktet ikkje oppfyller krava til tryggleik mot skred. For at dette kan skje må fleire vilkår oppfyllast og dokumenterast. Ein må mellom anna dokumentere:

• at liv og helse kan ivaretakast gjennom overvaking, varsling og beredskap,

• at det ikkje finns andre trygge areal,

• og at utbygginga er avgjerande for samfunnsutviklinga.

Dette er krevjande arbeid, og sett store krav til kommunane. Vilkåra gjer at det framleis er mogleg å byggje og bu i flodbølgjeutsette område som t.d. Hellesylt og Geiranger. Desse lokalsamfunna er som nemnt unntaka frå regelen.

Fylkesmannen har eit ansvar for å sjå til at omsyna i plan- og bygningslova blir følgt. Vi har ikkje moglegheit, og skal heller ikkje, gjere eigne vurderingar av kva tid ein skredfare er akseptabel eller ikkje. Akseptabel risiko er fastsett av Storting gjennom lov og forskrift. Det er liten aksept for risiko mot byggverk, enten risikoen er mot liv og helse eller mot skade på materielle verdiar. Fylkesmannen har stor merksemd på samfunnstryggleik i plan. Møre og Romsdal har mange naturfarar, men innbyggjarane skal vere trygge på at alle byggverk vert plasserte i samsvar med dei krava som lova stiller til tryggleik.

I 2015 presenterte Vestlandsforsking sitt resultat frå prosjektet «Arealplanlegging for framtidas klima» (AREALKLIM). Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltok i prosjektet. Eitt av funna er spesielt verdt å merke seg: «Funna våre kan tyde på at styresmaktene no har det lovverket som trengs for å handheve krava til sikker arealplanlegging med dagens og morgondagens klima» (Vestlandsforskningsnotat nr. 05/2015). Føresetnaden er sjølvsagt at lova blir følgt. Desse funna er løfta fram i Meld. St. 10 (2016-2017) der regjeringa sett fokus på planlegging som styrkar samfunnstryggleiken.

Ei konsekvent handtering av naturfarar i plan- og byggesakshandsaming er eit avgjerande grep i arbeidet med å bygge trygge og gode lokalsamfunn. Fylkesmannen kjem derfor også framover til å ha stor merksemd på dette temaet.

Med ønskje om ein trygg og god sommar,

Lodve Solholm, fylkesmann i Møre og Romsdal

--------

Vil du skrive i På tråden?  Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg?  Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du  meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg  Nordvest Debatt på Twitter

Følg  Nordvest Debatt på Facebook

Vignettbilde Foto: Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes