KRONIKK

Musikkorps og korpsdrill heile året

Korpsglede Fræna skole- og ungdomskorps under ledelse av dirigent Arild Brekken.  Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Kronikk

Ein fantastisk flott 17.mai har vi nettopp lagt bak oss i Nordvest. I tillegg til flott vêr er det musikkorpsa som utgjer den viktigaste ramma for dagen. Det blir ikkje ordentleg 17.mai utan korps høyrer vi ofte, men kva gjer korpsa resten av året?

Viss ein spør ein musikant om kva som er årets høgdepunkt, så er det ikkje sikkert det er 17.mai som er svaret. 17.mai er nok den dagen i året med mest publikum, mest speling og flest såre tær. Det er den dagen publikum forventar at korpsa er der, dersom ikkje så blir det ikkje ordentleg 17.mai-feiring. Vi har opplevd å få spørsmål i desember om kva vi held på med i korpset. «Øver de til 17.mai?» Nei, vi øver til blant anna julekonsert og noregsmeisterskap. Korpsmusikk og korpsdrill er ein heilårsaktivitet med mange høgdepunkt i løpet av eit år.

Mange høgdepunkt

For skolekorpsmusikanten er det kanskje årets korpstur til eit stemne eller ein korpsfestival som er årets høgdepunkt. Korpstur bygger samhald mellom store og små musikantar. Alle musikantar som er medlem i Norges Musikkorps Forbund (NMF) har tilbod om å reise på sommarkurs, «Blås i ferien». Dei ivrigaste korpsungdommane har og tilbod om å vere med i to regionkorps i Nordvest frå hausten 2017. På både sommarkurs og i regionkorpsa knytast vennskapsband med musikantar på same alder frå andre korps, i tillegg til at ein får leike og utvikle seg innan musikk.

Julekonserten har òg si spenning. Får eg mamma og pappa rørt til tårer i år? Kvart korps har sin årsplan som dei følgjer. Det kan vere eit prosjekt på hausten i samarbeid med andre lokale aktørar som kor, band eller dansarar. Det kan vere ein tema-konsert med filmmusikk, musikalar, storband, oktoberfest eller liknande. Då eg gjekk i skulekorpset hadde vi Olsenbanden-konsert med kostymer og heimelaga kinaputt. Helmaks, Egon!

Musikk- og drillkonkurransar

Både skulekorps, vaksenkorps og drilltroppar kan delta i forskjellige konkurransar i løpet av året. Nokre synest det er rart at det går an å konkurrere i korpsmusikk. Kort fortalt handlar det om å spele saman og å treffe tonen. Det er profesjonelle musikarar og dirigentar som bedømmer korpsa, og gjev tilbakemelding på innsatsen. I drillkonkurranse vert ein dømd på mellom anna teknikk, presisjon og estetikk. Vi har eit høgt nivå på korpsmusikk og korpsdrill i Noreg, noko vi har dokumentasjon på gjennom ei rekkje særdeles gode prestasjonar gjort under konkurransar utanfor Noregs grenser.

Auka rekruttering

NMF Nordvest, den nest største regionen i NMF-organisasjonen, er ein region som strekkjer seg over Sogn og Fjordane fylke og Møre og Romsdal fylke. Regionen har 217 medlemskorps og drilltroppar, og ca. 7000 medlemmer (tal pr. 31.12.16). Musikkorpsa har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Tal frå NMF syner at medlemsmassen i Noreg auka med ca. 1000 medlemmer i 2015. Ikkje så rart, når ein ser på den variasjonen korpsa tilbyr av aktivitetar. Men vi kan ikkje stå stille av den grunn. NMF og korpsa jobbar for at korps skal vere tilgjengelege for alle. Det betyr at vi for eksempel gjer grep for å inkludere born frå familiar med låg inntekt, og at vi jobbar med inkludering og mangfald.

Sommarkursfondet

Som eit verkemiddel for å senke terskelen for å vere med på korpsaktivitetar har NMF fått tildelt eit sommarkursfond frå Gjensidigestiftelsen i Møre og Romsdal. Fondet dekkjer 50 % av kursavgifta for musikantar og drillarar som får tildeling frå fondet. Målet er at fleire born skal ha gode, lærerike og sosiale aktivitetar i sommarferien.

Korps på friluftstur

Eit nyare tilskot til korpsaktiviteten er «Korps på friluftstur». I fleire fylke, blant anna Møre og Romsdal, deler Gjensidigestiftelsen ut økonomisk støtte til korps som tar med seg musikantane og notane ut i skog og hei. Målet er å få folk meir på tur og skape positiv blest om dei lokale turstiane. Første gong ein kunne søkje var i Hordaland i 2015 i anledning Friluftslivets år. Vi er heldige som har mange, fine folketonar som eignar seg godt på ein fjelltopp, og vi er heldige som har ein god støttespelar i Gjensidigestiftelsen i Møre og Romsdal som vil støtte denne aktiviteten.

Korps for alle

Korps er ein heilårsaktivitet, og det er og ein aktivitet for alle. Ein kan tilpasse aktiviteten til ulike ferdigheiter, språk og funksjonsnivå. Det seiast at korps er ein aktivitet ein kan ha heile livet. Det ser vi i mange musikkorps, som har ei skjønn foreining av blomstrande ungdom frå 13 år og meir erfarne musikantar som har passert pensjonsalderen, og alt imellom der. I korps har vi inga øvre aldersgrense. Å spele i korps har og ein helsebringande effekt. Forsking syner at barn som utøver musikk, hugsar tal betre (forskning.no, 28.01.2017). Det er foreløpig uklart kva som er den utløysande faktoren, men vi skal ikkje sjå bort frå at det er musikken som påverkar hjernen. Det sosiale aspektet og samhaldet i korpset er og ein viktig helsebringande faktor for mange.

Inkluderingsprosjekt

I 2015 sette regjeringa i gong eit prosjekt for å senke terskelen for at barn og unge skal delta i fritidsaktivitetar. NMF er ein av organisasjonane som har fått støtte til dette, og vi arbeider spesielt med å inkludere born og unge som vanlegvis ikkje blir med i korps, t.d. barn i innvandrarfamiliar. Korpskulturen kan vere ukjent når ein ikkje er oppvaksen med korps på 17.mai og skulekonsertar m.m. Skulekorpset kan likevel vere nøkkelen til inkludering for nokre, då ikkje alle ønskjer å spele fotball. Eit born som startar å spele i korps kan vere eit steg for at heile familien blir inkludert i lokalsamfunnet. Familien har ei rolle på dugnad, ved loddsal og som publikum på konsertar. Inkluderingsprosjektet får då ei større betyding enn berre for den enkelte musikanten.

«Musikkorpsenes år» og NMF i 100

Vi gler oss stort til neste år. 2018 er av kulturministeren dedikert til «Musikkorpsenes år». Samtidig er 2018 eit viktig jubileumsår for korps-Noreg, i og med at NMF er 100 år og Forsvarets Musikk er 200 år. Eitt av måla våre er at heile Noreg skal vere med å feire og oppleve musikkorpsa sitt mangfald i 2018. NMF arrangerer nasjonal jubileumsfestival i Bergen og Verdsmeisterskap i korpsdrill på Lillehammer. Vi skal kåre Noregs nasjonalmarsj saman med NRK. Jubileum er alltid ei god tid for eit tilbakeblikk, og vi vil gjerne tipse om nettsida www.korpsipedia.no. Her er det samla korpshistorie frå heile landet, og det er korpsa sjølv som legg inn sine korpsminne. Kanskje finn du eit bilete av gamle kjente, med eller utan uniform?

Region Nordvest har og planar om å markere 2018 med eigne tiltak. Vi ser fram til ei god feiring heile 2018 til endes, der Noregs største frivillige organisasjon på det allmennkulturelle området blir ekstra synleg over heile landet!

Tamara Lien Nøtseth, regionstyremedlem NMF Nordvest

--------

Vil du skrive i På tråden?  Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg?  Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du  meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg  Nordvest Debatt på Twitter

Følg  Nordvest Debatt på Facebook

Vi har for tiden tekniske problem med vårt kommentarfelt. Vi beklager ulempene det medfører.
Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kronikk