Tresfjord, hausten 1985. Eg og besteveninna mi sit på kjøkkengolvet i Raudehuset på heimgarden hennar. Vi er ni og ti år gamle. Vi har trekt opp gensererma våre, som luktar sigarett frå smugrøykinga i låven, vi har rekt fram ein underarm kvar, vi er klare.

Pulsen stig. Ho lèt den skarpe kjøkkenkniven ripe opp armen sin, dernest min. Eg rykker til i skuldra då eg kjenner knivbladet, men held armen strak. Vi skal jo bli blodsystrer.

Vi stirer forventingsfulle på den kvite huda, ventar. Ingenting skjer. Blodet piplar ikkje fram, og dessutan svir det. Vi ser fortvilte på kvarandre. Skjønar at det ikkje går, at vi ikkje tør! Så får vi ein lysande idé. Ketsjup.

Frå den dagen er vi ikkje lenger berre kranglebestevener som vi så presist kalla oss sjølve – kodenamn KB – vi er også ketsjupsystrer. På denne tida hadde vi nyleg, kvar på vårt vis, mista ein forelder. Det var ei posttraumatisk tid. Venskapen vår kapsla oss med ein styrke vi ikkje fann andre stader akkurat då.

Tre typar venskap

Oslo, desember 2015. Ingenting har skjedd, eg får vite det heilt tilforlateleg då eg føreslår at ho kan skrive om bestevenene sine i norskleksa: «Mamma, vi har ikkje lov å kalle kvarandre bestevener!» Som om dette er eit faktum eg bør kjenne til, ein grunnpremiss for sjuåringars sosiale relasjonar.

Mobbing er eit stort og komplekst folkehelseproblem, og antimobbe- og venskapsarbeid på skulen må til. Men det kan lett gå i feil retning. Er forbod mot bestevenskap den beste løysinga?

Bestevenskap er jo livgivande! Det har filosofane visst og skrive om i fleire hundreår. Dei delar venskap inn i tre: lystvenskapen, nyttevenskapen og den gode venskapen. Lystvenskapen inngår vi fordi han gjer oss oppstemte og glade, på eit personleg plan. Nyttevenskapen inngår vi fordi han er til gagn for oss på andre vis, til dømes materielt eller profesjonelt.

Ein god venskap er annleis, og byggjer derimot berre på eit ønske om eit betre liv. Og gode vener vel kvarandre, heilt fritt, utan påtrykk utanfrå. Han «berre oppstår» fordi to personar blir trekte mot kvarandre. Ein god venskap toler difor meir; han er usjølvisk og givande.

Samanhengen mellom venskapen og det gode livet er godt dokumentert: Venskap gir lykke, fellesskap, eit andre sjølv, tryggleik og nye måtar å sjå verda på. Venskap formar oss som menneske, mognar oss, gjer oss til betre samfunnsborgarar.

The Death of Friendship?

Kva så med maktkamp, nettverksbygging, utnytting og utestenging? Kva med sosiale medium og kor øydeleggjande det kan vere for sosial tryggleik? Vi veit at inkludering og ekskludering ofte skjer på sosiale medium i dag, særleg for tenåringar. Det skjer subtilt og ofte langt utanfor lærarane og foreldra sitt oppsyn. Faren er at ein lett kan kjenne seg ekskludert.

Den franske filosofen Jacques Derrida braut med filosofikollegaene si nasegruse hylling av venskapen. Den eksisterer ikkje, sa han. Venskap er noko vi som samfunn har konstruert, ein idé, ei forventing om noko som skal skje i framtida.

Derrida meinte, som den norske rektoren Bjørn Bolstad, at fordi vi er så opptekne av oss sjølve, av vår eigen individuelle fridom og vårt eige konsum, så er vi ikkje i stand til å inngå gode venskapar. Folk vert middel til eit mål, og målet er alltid meir enn berre fellesskap og eit godt liv. For å kontre denne utviklinga føreslår Derrida at vi må gå heilt til andre enden av skalaen: oppsøke einsemd. Slik kan vi komme oss unna venskapar som er nære og kalkulerte. Han ser for seg distanserte venskapar, relasjonar som er ikkje-fellesskap.

Kva er nok styring?

Eg trur ikkje det er derridaske venskapar skulen til dotter mi promoterer når dei seier at sjuåringane ikkje får lov til å kalle seg bestevener. Likevel står denne haldninga like fjernt frå mi overtyding som Derrida si. Dei fleste barn, som oss vaksne, utviklar jo sterkare kjensler for enkelte enn for andre.

Er det ikkje godt nok at ungane oppfører seg greitt mot kvarandre og inkluderer kvarandre i leik og læring, godt nok at alle i klassen, eller alle av same kjønn, vert inkluderte i bursdagar, godt nok med strategisk samansette venegrupper?

Lagar vi ikkje offer, lett krenkelege menneske, dersom vi prøver å kontrollere venskap og sosial åtferd i for stor grad? Kanskje er det viktigare at vi rettleiar dei ungane og ungdommane som manglar varme venskapar, inn i konstruktive relasjonar, heller enn å setje grenser for dei som har den evna – eller den flaksen.

Venskapsforskar Anne Greve meiner, som filosofane, at venskap er frivillig. Ho trur at når ein barnehage eller skule krev at alle barna skal ha minst éin venn, då har pendelen svinga for langt. Målet bør vere at alle skal ha nokon å leike med.

Vi kan lære framsnakk

Heldigvis kan sosial kompetanse trenast opp. Barn som taklar kjenslene sine har både større sjans til å få vener og større sjans til å takle å vere åleine. Barnepsykologspesialist Solfrid Raknes har utvikla eit sjølvhjelpsverkty som kan hjelpe barn og unge å forstå kjenslene sine.

Med raude (negative, vonde) og grøne (positive, hjelpsame) tankar lærer ungane å framsnakke seg sjølv. Raknes seier rettleiing frå vaksne er viktig: Vi kan hjelpe ungane til å bli mindre sårbare og meir robuste; gjer dei betre rusta til å takle motgang og vanskelege situasjonar som dei garantert vil møte i livet.

Ingen lærte meg korleis eg skulle skaffe meg nye vener. Då eg byrja i ungdomsskulen og ville bli ven med ei av dei nye jentene i klassen, ei kul blondine som spelte i korps og høyrde på heavy metal, sleit eg lenge. Eg gav opp som kornettaspirant etter eit halvt år. Eg trudde Alice Cooper var ei dame. Men ei helg lurte eg ho med på dans med eit lokalt rockeband. I ein maxitaxi frå ein fjord til ein annan drakk vi begge ei halv flaske øl og på festen klinte vi båe med ein gut for første gong. Det funka det òg; ho er ei av besteveninnene mine den dag i dag.

Av Monica Bjermeland, student og skribent

Ein lengre versjon av denne teksta kan lesast i siste utgåve av Syn og Segn. Ein versjon av denne kronikken er tidligere publisert i Klassekampen.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook