LESERINNLEGG

Dahl og Devold

Ein indignert Molde-ordførar krev respekt og korrekte sitat av oss, slik han har uttrykt seg i laurdagsavisa, etter at vi skreiv kritisk om han og Devold-rapporten torsdag 6. januar.

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen.  Foto: Privat

Meninger

Ordføraren framstiller kommunen og Devold-rapporten nærast som teksten til eit reklameskriv. Vi skryter støtt av kommunen, men vi kan ikkje skryte verken av Devold, av Devold-rapporten; eller av at kommunen let seg lure av Devold.





Det vesentlege for pårørande i Molde, er det i Devold-rapporten som ordføraren helst ikkje vil ha snakk om. Vi har heile rapporten, og han er avslørande for Devold sine intensjonar.

Ordføraren er ilter fordi vi ikkje har framstilt han rett etter kommunestyremøtet. Ein representant spurte kvifor nokre av overføringane frå staten er «frie midlar». Det var kommunedirektøren, og ikkje ordføraren, som svarte «Det må du spørre partiet ditt om». Her er vi leie for at vi var for fokusert på ordføraren. Svara representanten fekk, frå både ordførar og direktør, var uansett ikkje gode.

Det som uroar oss er at ordføraren ikkje har fortalt kva han verkeleg sa, og kva han meinte med det han sa, om dei ulovlege vedtaka – ulovlege etter forvaltningsloven § 35. Loven forbyr å endre eit vedtak slik at det er til skade for den vedtaket gjeld. Vi har utfordra ordføraren med spørsmål om kommunen hadde tenkt å fatte ulovlege vedtak uansett om Devold hadde kome hit eller ikkje. Det kan virke som om ordføraren prøver å dekke over dei uheldige konsekvensane av å engasjere Devold.

Det hadde no vore betre om ordføraren hadde uttrykt anger for at kommunen engasjerte Devold, og for at kommunen prøvde å skjere ned på tilboda til mange av dei svake på ein ulovleg måte, og på ein måte som ville ha vore til stor skade for dei svakaste av oss. Vis dei den respekten!

Magnhild Bergheim og Terje Albregtsen

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal