LESERINNLEGG

Folkeaksjonen Midsund ut av Molde

Eg las Harald Elias Akselvoll sitt innlegg i Midsundingen den 26. november og finn å ville kome med nokre kommentarar.

Ketil Ugelvik var rådmann i tidlegare Midsund kommune.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Vi skriv no slutten av november 2021 og eg synest det er underleg at det no, fem og eit halvt år etter vedtaket, vert fremma kritikk mot prosessen og at det vert gjort krav om nye utgreiingar. I 2014 gjorde eit stort fleirtal på Stortinget vedtak om kommunereforma. Den siste store endringa av kommunekartet vart gjort i 1964 og oppgåvene og krava til kommunen har endra seg mykje sidan den gongen.

Den 23. juni 2016 gjorde Midsund kommunestyre vedtak om å gå inn i ein større kommune saman med Molde og Nesset. Vi som sat ringside i kommunestyremøtet denne dagen, vil nok for alltid minnast eit sakleg og kjenslemessig sterkt møte.

Midsund hadde i fleire år underskot i reknskapen. Utgiftene var større enn inntektene. Dette sjølv om kommunen hadde gjort strukturelle grep på barnehage og skule. Admninistrasjonen hadde tilhald i eit bygg med store manglar på inneklima og universell utforming. Endringar i inntektssystemet ville føre til mindre overføringar. I saksframlegg som låg til grunn for vedtaket 23.juni 2016, var det nettopp manglande økonomisk berekraft og evner til å løyse alle oppgåvene kommunen blir pålagt som var hovudargumentet for å gå inn i ein større kommune.

Etter at vedtaket var fatta, gjekk ein inn i ein krevjande prosess med førebuing og harmonisering. I dette arbeidet var administrasjonen, politisk nivå og tillitsvalde med. Ingen skulle miste jobben, sjølv om enkelte fikk endra jobbinnhald. Kor mange i det private får slike garantiar?

Dei siste åra som eigen kommune var særs krevjande. Dei økonomiske utfordringane vart større, og for i størst muleg grad skjerme tenestene innan helse, pleie/omsorg og oppvekst, tok ein kutt i sentraladministrasjonen. Fleire tenester vart utfasa til Molde. På fleire område mangla ein folk og på andre område var det minimumsbemanning. Dette var ikkje berekraftig! Midsund kommune skulle løyse alle oppgåvene som ein bykommune med fleire hundretusen innbyggjarar.

Midsund kommune hadde i tillegg til underskot på drifta høg lånegjeld. På trass av at ein fekk utbetalt over 10 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2018, gikk ein i 2019 med reknskapsmessig underskot på 5 millionar. Her var det lite rom for investeringar.

Gjennom avtalen med Molde kommune fekk ein i perioden frå 2018 til 2024 økonomisk handlingsrom til å gjennomføre utbygginga ved Midsund skule (175 million), oppgraderingar i sentrum, opparbeiding av uteområdet ved Antonbua (arbeidet tek til i desse dagar), utbetring av Skarsvegen, turveg i Nord Heggdal, turparkering Blø samt tilrettelegging for fotballhallen. Ein viktig del av grunnlaget for at Midsund idrettslag greier å realisere fotballhallen er leigeavtalen (600.000 kroner per år) med Molde kommune. Dersom Midsund hadde stått åleine hadde ein ikkje kunna realisert desse prosjekta. Berre avdrags- og renteutgiftene på skulen og grunnlagsinvesteringane til fotballhallen vil belaste drifta med 8-9 millionar kroner årleg. Kva tenesteområde skulle ha vore redusert/kutta?

Dersom Midsund hadde vald å stå åleine, hadde eigedomsskatt blitt innført i 2017/2018. Til opplysing kan det nemnast at det i romsdalsregionen i 2019, berre var Midsund som ikkje hadde innført eigedomsskatt.

Kommunereforma førte til at 1,7 million nordmenn fekk ny/endra kommune. I slike omstillingsprosessar vil det alltid vere ting som kunne vore gjort ansleis og betre. Slik er det i nye Molde kommune og - her er det fleire forbetringspunkt. Men eg trur det er betre å jobbe systematisk med desse punkta enn å bruke tid og ressursar på nye utgreiingar.

Vi står midt i ein pandemi som vi ikkje ser slutten på. I den samanheng er eg glad Midsund er ein del av ein større kommune.

Midsund kommune vart ikkje tvangssamanslått slik som Haram. Støreregjeringa har ikkje opna opp for reversering av kommunereforma. I Norge har vi representativt demokrati og kommunestyret i Midsund fatta den 23.juni 2016 eit lovleg vedtak som har blitt stadfesta gjennom kongeleg resolusjon.

Vi treng ikkje fleire omkampar her i regionen, det er meir enn nok med sjukehussaka og Møreaksen. La oss sjå framover å bruke kreftene på å støtte alt det positive om skjer i Midsund.

Ketil Ugelvik

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal