LESERINNLEGG

Kvalitet i Hustadvika-skulen og kommuneleiinga og media sitt ansvar

I Romsdals Budstikke kan vi gjentatte gonger i haust lese at det er «store utfordringer i Hustadvikaskolen»

– Vi ønsker ikkje ei kommuneleiing som snakkar ned skulen vår, skriv klubben i Utdanningsforbundet ved Fræna ungdomsskule.   Foto: Joachim Constantin Høyer

Meninger

På leiarplass skriv avisa at «Hustadvika henger etter på alle trinn» (RB, 27.09.21) og at «utfordringene står i kø for skolene i Hustadvika kommune» (RB, 27.09.21).




Store utfordringer i Hustadvika-skolene:

Mange elever på laveste nivå: – Bekymringsfullt

Elevene scorer lavt på nasjonale prøver, flere skoler har for få lærere eller en stor andel ikke-kvalifiserte lærere. Utfordringene står i kø for skolene i Hustadvika kommune.


Kommunedirektøren og oppvekstsjefen i Hustadvika kommune er bekymra for skulestrukturen sidan «Hustadvikaskulen (…) har faglege svake resultat (RB, 15.11.21) og har ein for stor del ikkje-kvalifiserte lærarar (RB, 27.09.21). No skal «ungdomsskulane under lupen» (RB, 15.11.21), skriv avisa.


Vil sette ungdomsskolene under lupen – utelukker ikke nedleggelser

Synkende elevtall, svake faglige resultater og problemer med å få nok lærere gjør at kommunedirektøren i Hustadvika vil se på endringer i ungdomskolestrukturen i kommunen.


Det er ikkje nådige ord og bodskap frå leiinga i kommunen som er ansvarleg for grunnskuleopplæringa i den nemnte skulen. Som lærarar med elevansvar på ein av ungdomsskulane som skal under lupa, reagerer vi sterkt på heile framstillinga.

For det første vert det trekt fram resultata på Nasjonale prøver for fjoråret som eit einaste parameter for å måle fagleg resultat. Dette er standardiserte oppgåver utforma av direktoratet som elevane bruker 90 min av skuleåret på å svare på. Oppgåvetypen samsvarer ikkje alltid med det daglege faglege skulearbeidet og er ikkje noko vi på vår skule «drillar» elevane på. Var det slik Kristin Clemet ønska at skulekvalitet skulle målast? Vi har forståinga av at i fleire kommunar vert elevar med ulike behov fritatt frå Nasjonale prøver. På vår skule deltar alle som tar del i den ordinære opplæringa, om ein har dysleksi eller eit anna morsmål. Er det kommuneleiinga sin intensjon at kvaliteten på skulane i kommunen skal målast på resultata av Nasjonale prøver? Er det deira ønske at vi skal spisse undervisninga vår mot ferdigheitene som vert målt på denne prøva? Vi har mange forslag til andre måtar å måle kvalitet på utdanninga på, og ein kan begynne med Elevundersøkinga, standpunktkarakterar og eksamensresultat.

For det andre reagerer vi på at eitt trinns resultat på ein skule vert fokusert på, med bilete av den skulen på leiarplass i avisa. Dette er born under 15 år som blir framstilte som fagleg svake og under landsgjennomsnittet. Dette kan ikkje seiast å vere ansvarleg journalistikk eller omsynsfull kommuneleiing. Vi som har ansvaret for opplæringa til elevane på alle nivå arbeider dagleg med motivasjon for alle elevane, og då hjelp det lite at lokalmedia og kommuneleiinga trakkar på dei som scorar lågast på ei gitt, standardisert prøve.

For det tredje vert det kritisert at ein for stor del av lærarane i Hustadvikaskulen ikkje er kvalifiserte. På vår skule er det ingen lærarar utan godkjent utdanning, og vi har tilsette med ulike høgskule- og universitetsutdanningar inkludert mastergrad, doktorgrad, lærarspesialist, spesialpedagogikk som alle er lærarar i opplæringssituasjon. I tillegg har vi tilsette med utdanning innan vernepleie, sjukepleie, barne- og ungdomsfag, kokkefag, aktivitør og sexologi. Vi vil nødig rope høgt om mangel på kvalifikasjonar blant kollegaene våre. Det er vårt ønske at kommuneleiinga og redaksjonen i Romsdals Budstikke undersøker grundigare kva dei uttaler seg om når dei roper varsko om mangel på kvalifikasjonar.

For det fjerde, uttrykker kommunedirektøren at det er vanskeleg å rekruttere lærarar til Hustadvikaskulen. Her konkurrerer Hustadvika med nabokommunane som mellom anna er ein bykommune. Vi trur ikkje at presseutspelet til kommuneleiinga gjer det enklare å rekruttere dyktige fagfolk til Hustadvika.

Skulen får stadig nye krav til kva som skal gjennomførast innan ein allereie metta skuledag. Vi er stolte over tilpassingsdyktigheita til både elevar og lærarar i Hustadvikaskulen. Vi er stolte over den digitale kompetansen til elevane våre. Vi er stolte over leseinteressa til mange elevar. Vi er stolte over alle medlemmar av 1000 siders-klubben, snart 10 000 siders-klubben, i lesing. Vi er stolte over elevar som les tunge romanar på framandspråk. Vi er stolte over elevrådet som arrangerer skuleval på ungdomsskulen. Vi er stolte over korleis elevane tolkar Ibsens «Et dukkehjem» inn i vår tid. Vi er stolte over elevar som deltar på UKM og går på forfattarkurs i helgane. Vi er stolte over elevar som klarar å mekke og fikse ein båtmotor. Vi synest det er kult at elevar kjem på skulen i tresko og caps frå Felleskjøpet, og tør å vere seg sjølv på skulen. Vi er stolte av elevar som trassar frykta og held munnleg presentasjon framom klassen. Vi er stolte over elevar som skriv brev til ordføraren og ønsker endring. Vi er stolte over elevar som finn læringslysta tilbake og arbeider med eigen motivasjon. Vi er stolte over utviklinga til elevane våre.

Vi arbeider kvar dag med elevane på alle nivå. Vi er forplikta til å tilpasse undervisninga slik at alle elevar kjenner meistring. Vi ønsker ikkje ei kommuneleiing som snakkar ned skulen vår. Vi ønsker heller ikkje ei lokalavis som einsidig fokuserer på det negative. Dette handlar om kvardagen vår og arbeidsplassen vår.

Helsing Klubben i Utdanningsforbundet ved Fræna ungdomsskule.

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal