LESERINNLEGG:

Utasund – kommunen vi gjekk glipp av!

ØYRIKET I ROMSDAL: Frå ei felles turistbrosjyre for det som var kommunane Aukra, Midsund og Sandøy.  Foto: Øyriket i Romsdal

Bjørn Jacobsen  Foto: Kjell Langmyren

Meninger

Bernhard Riksfjord kunne som ordførar i Aukra blitt historisk og samla Kyst-Romsdal. I staden gjekk yste kysten vår til Sunnmøre og Ålesund (så lenge det varer). Og mykje av pengane i Aukra har gått med til å prøve å bygge Møreaksen. Eit tvers gjennom gammaldags prosjekt basert på tungtrafikk dit ingen tungtrafikk skal, og kven vil pendle på jobb gjennom milevis av tunnelar under havet?



Då regionreforma kom kunne vi ha fått ei god demokratisk eining for kommunane utasunds i Romsdal. Men rike Aukra ville ikkje ha med seg fattige Midsund, likeins med Sunndal som ikkje vil ha Nesset

Under dansketida heita det Sør og Nord Akerø det som i dag er Aukra og deler av gamle Midsund kommune. Danskane fekk til det kommunereforma ikkje klarte.


Foreslo å legge Møreaksen på is:

Heftig Møreaksen-debatt i kommunestyret i Molde – men flertallet nektet ny omkamp

– I Midsund kommune stod vi tverrpolitisk i lag for å få realisert viktige prosjekt for kommunen. Dette er åpenbart ikke tilfellet i Molde med Møreaksen, sier Arnstein Misund i KrF.


Utasund kommune ville ha vore ei sterk eining på mange vis. Også i høve å skaffe midlar til fastlandssamband som dei no får på Nordøyane. Ein må ikkje køyre ein Europaveg gjennom Molde by og tvinge folk ned i eit 16 km mørkt hol for å få fastlandssamband.

Aukra kommune er med på interkommunalt samarbeid som til dømes barnevern. Då er samarbeid godt å ha, men for å lage historie utasunds må ein ikkje vere historielaus og «gneten».

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal