LESERINNLEGG:

Skal dei svakaste gå med overskot?

Vistdal bofellesskap.  Foto: Sigmund Tjelle

Molde Kommunestyre Bjørn Jacobsen (Sv)  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Vil Senterpartiet støtte Høgre og administrasjonen si nedlegging av omsorgsbustadar for eldre? Det er det som er politisk spennande med den nye Helsesplanen i Molde.

Då økonomien var oppe i kommunestyret i juni var det dei aller svakaste, i tiltak for funksjonshemma, som var syndebukkar for at økonomien er så dårleg.

Den eine etter den andre fortel i Budstikka kor dårleg det står til, og at vi må kutte i omsorga for dei aller svakaste: Stort meirforbruk, ikkje friske pengar og ingen som vil jobbe på bygda, gjer at vi må bli meir berekraftig, seies det. Eg trudde at pandemien hadde lært oss at sentralisering ikkje er så lurt og at spreidd busetting kan være av det gode.

Eg ser her ei fortelling om at det å ta vare på dei svakaste ikkje gir overskot. Kor kjem ideen frå, om at dei svakaste skal gå med overskot? Korfor skal dei hengast ut til spott og spe kvar gong ein økonomirapport vert lagt fram i Molde kommune? Og det no i Helseplanen, som heller skal være ein plan der de svakaste får sine behov synleggjort.

Eg trur at det finns snekkarar i Vistdal som kan gjere Vistdal bofellesskap brukbart for ein rimeleg penge i minst 10 år til. Eller kva seier Molde eiendom sine berekningar?

Eg trur det finns folk som vil jobbe på Vistdal bofellesskap.

Eg veit at for dei gamle i Vistdal vil det være kjekt å få være i bygda si så lenge dei kan.

Vi veit at det er i Molde sentrum behovet for plassar er størst, så la oss ikkje bygge nye plassar andre stader.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal