LESERINNLEGG:

E39 Digernes til Krifast

Fjordkryssing: Båe dei nye alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden er dårlege samanlikna med å halde fram med ferjedrift på straum mellom Furneset og Molde, skriv Øystein Folden i innlegget  Foto: MØREAKSEN / STATENS VEGVESEN

Øystein Folden, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 

Meninger

Det skal arbeidast mykje for å forstå vegprosjektet E39 i Møre og Romsdal. Etter kvart har Naturvernforbundet funne ein del sentrale punkt og kan seie noko om det. Naturvernforbundet sitt alternativ er både mykje rimelegare å gjennomføre, og mykje betre både for natur og klima. Kanskje betre for folk flest også.

For at prosjektet skal ha noko føre seg, må trafikken auke. Den aukar nok berre viss ein bygger ny veg. Det vil altså vere eit val å utbetre berre spesielle strekningar og samtidig redusere reiseverksemda. Det siste må vi gjere i alle fall. Vi kan ikkje reise så mykje som i dag, og vi må reise meir kollektivt. Det siste krev at bussen ikkje må ta nemnande lenger tid enn om ein køyrer privatbil.

Båe dei nye alternativa for kryssing av Romsdalsfjorden er dårlege samanlikna med å halde fram med ferjedrift på straum mellom Furneset og Molde.

Kollektivknutepunkt er viktige. Viss gjennomgåande trafikk går i tunnel bak Molde og bussen skal innom sentrum, kan det fort vere negativt, i alle fall for ein del reisande. Knutepunktet på Sjøholt er også svært viktig. Det kan ein ikkje flytte mykje før det gjev stor negativ verknad. Å legge hovudvegen utanfor Batnfjordsøra vil også skape problem. Når det tar mykje tid å plukke opp passasjerar, så vil det redusere bruken av kollektivtilbod.

Naturvernforbundet er for at det blir bygd krabbefelt/forbikøyringsfelt på sørsida av Ørskogfjellet, og det prosjektet er i gang. Vidare meiner vi at det må til ei ny løysing frå Valle/Dragsundet til Sjøholt. Ei bru over Dragsundet og ein tunnel vidare til omtrent der det nye krabbefeltet startar, med ei kort sidearm til Sjøholt sentrum, meiner vi kan vere ei god løysing. Den biten blir sikkert dyr, men det går sikkert bra når det ikkje er nødvendig å gjere så mykje anna.

Elles treng vi ikkje å dimensjonere for høgare hastigheit enn 90 km/t. Det vil spare mykje natur og mykje drivstoff. Det er dessutan gunstig å unngå stor fartsforskjell mellom lastebil/bilar med hengar og dei som kan køyre raskast.

Sjølv om ferjer kan vere til hinder for at ein kan køyre akkurat når ein vil, skal ein huske på at kring 40% ikkje har førarkort. Raskare løysingar for dei som køyrer vil lett gjere tilbodet til alle dei som ikkje køyrer sjølv vesentleg dårlegare. Difor bør dei som helst vil køyre bil fort ta ein for laget, både for dei som ikkje køyrer sjølv, for naturen og for klimaet.

Løysinga til Naturvernforbundet vil spare bilistane for massevis av bompengar og skattar. Kva er poenget med å kome ein time fortare fram viss ein må arbeide ein time meir for å tene nok til å betale bompengane?

Øystein Folden

Leiar Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal