LESERINNLEGG:

SP og Klinge = Møreaksen!

Meninger

Før siste valg var SP og Klinge garantisten for Romsdalsaksen, nokre veker etter snudde dei tvert om og støtta sterkt Møreaksen»

Slikt er å føre innbyggjarane bak lyset!

Før siste valg var SP og Klinge garantisten for distriktskulane, få veker etter valget la SP ned den vidaregåande skulen i Vanylven, kutta 35 mill kr innanfor vidaregåande skular, klaga på sveltefora fylkeskommunar, og gjekk samtidig med 313,5 mill kr i overskot i fylket»


LESERINNLEGG:

Svada frå Sve


SP seier ein ting, gjer stikk motsatt!

Er det mulig å framføre frå SP og Klinge meir greinalause påstandar om at FrP heva ferjeprisane?

ALLE som har fulgt med, veit at SP, AP og Høgre auka ferjeprisane til himmels her i fylket, på 20 av 24 ferjestrekninger som SP og co faktisk har ansvaret for.

FrP derimot, tvinga regjeringa til å sette NED ferjeprisane med 25%, etter at SP, AP og regjeringa stemte imot FrP sitt framlegg om gratis ferjer.

Iigjen, seier SP ein ting, og gjer stikk motsatt i praksis.

Når SP og Klinge direkte fører folket bak lyset ang Møreaksen, er eg rimeleg sikker på at innbyggjarane ikkje finn seg i dette den 13 september.

STOPP Møreaksen, stem FrP!

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP.