LESERINNLEGG

Post og parkering

– Vil vi at det som tidlegare var eit samfunnsansvar å tilby oss alle no skal bli offer for marknadsmekanismane? spør Knut Ødegård i dette innlegget.  Foto: Kjell Langmyren

Meninger

For spreke førtiåringar med sykkel eller folk som bur i Moldes vesle sentrum, er det ikkje noko problem å gå dei få skritta til Bunnpris for å få utført posttenester. Men for mange av oss eldre utanfor sentrum, vi med våre fysiske skavankar, er enklaste måten å setja seg i bilen, køyra ned mot Storgata med pakka eller brevet. Ein treng berre parkera nokre minutt.

Men då hamnar vi i eitt av to: Anten betala for å parkera desse minutta – eller ta sjansen på at den årvakne parkeringsvakta ikkje ser deg. Ser ho eller han deg, kan den dagens pengar til middag gå fløyten: Boten er stor for slik kriminalitet. Det er ingen nåde sjølv om det ikkje fanst ein einaste ledig parkeringsplass.

Vi kan sykle, er svaret. Eller gå. Men sykkel er ikkje noko alternativ for meg, iallfall ikkje opp alle bakkane att. Og gå? Javel, om eg har tid til å setja av meir enn ein time dagleg til dette. Om vinteren er det dessutan ikkje tilrådeleg verken å gå eller sykle på glattisen, iallfall ikkje for oss gamlingar.

Buss? Ja, det er heller ikkje buss i nærleiken av alle hus, det er heller ikkje bussavgangar stadig. Olahola? Truleg beste alternativ for parkering, men det er jo eit stykke, det òg, og ikkje alltid plass, og pensjonisten med pakke- og brevsending må betala for Olahola-parkering òg.

Eg kan jo køyra ut til det siste postkontoret vi har, ved Roseby. Det er gratis der. Men no les vi i avisene at det skal nedleggast. Det som tidlegare var det stolte postvesenet som tok imot kundane både med fri parkering og fagleg kunnskap, skal no bli nesten borte og vanskeleg å nærma seg. Nokon sit på eit kontor og reknar ut kostnader og kva som kan sparast, som om dette var eit privat forretningsforetak. Vil vi at offentlege tenester skal vurderast slik?

Vil vi at det som tidlegare var eit samfunnsansvar å tilby oss alle no skal bli offer for marknadsmekanismane?

Eg har postboks som ligg i post i butikk. Det er svært imøtekomande og flinke folk i butikken. Men utanfor lurer parkeringsvakt og økonomisk avstraffing. Postboks må eg ha p.g.a. profesjonelle verv eg har, som òg medfører mykje reising med fråver.

Eg skal ikkje gjera klagesongen lenger, det får vera ein annan gong at eg klagar over reduserte postdagar og at laurdagsaviser frå hovudstaden kjem etter helga.

Så tenkte eg berre avslutta med eit forslag om at Molde kommune innfører ei ordning med 10 minutt fri stoppetid utanfor post i butikk for oss som er avhengige av posttenestene. Så får heller dei som skal gjera storinnkjøp ordna seg som best dei kan.

Finst det politikarar som vil svara?

Knut Ødegård, liabonde

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal