LESERINNLEGG

Inspirerande tur til Hitra sett i relasjon til diskusjonen om Møreaksen

– Det er heldigvis ikkje meiningsmålingar og antal medlemmar i grupper på Facebook som styrer Norge, skriv ordførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen, i dette innlegget.  Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Meninger

I samband med Nasjonalt Havbruksjubileum fekk eg i helga moglegheit til å besøke øykommunane Hitra og Frøya.

Når du tek av frå hovedvegen E39 og inn på Fv 714 køyrer eg inn på ein smal veg eit stykke fram til eg ser nokre vindmøller oppe på fjellet i det fjerne. Eg passerer ein bomstasjon og då ser eg at her har det skjedd noko, inn i mange og nye godt opplyste tunnellar på veg mot Hitra. Passerer Hemnskjela og ned i Hitratunnellen med 10% stigning/helling. Eg føler meg fortsatt trygg og ser at motkomande trafikk har 2 køyrefelt. Når eg kjem oppatt frå tunnellen passerer eg nok ein bomstasjon.

På veg over Hitra mot Fillan er det smalare vegar igjen men bra standard og sjølvsagt godt kjørbare. Eg trur neppe dei 4522 innbyggjarane og alle bedriftene med sine tilsette i Hitra kommune ville ha bytta ut tunnellen med breiare og betre vegar på øya. Eg trur og at dei med glede betaler bompengane for å ha fått dette vegsambandet.

Likeeins er det for Frøya, Kristiansund, Averøya og Atlanterhavstunnellen, Nordøyvegen og Eiksundsambandet for å nemne nokon.

Betyr ikkje vi som bur på øyane i Romsdal noko som helst for motstandarane av Møreaksen?

Vi treng ein betre og sikrare beredskap ved at etatane politi, brann og helse, ikkje skal vere avhengig av båt eller ferje for å kome fram raskast mogleg fram når vi treng hjelp.

Eg er så stolt over dei bedriftene vi har i kommunen vår som har valt å etablera seg, og satse til tross for at dei på øydelen er avhengige av ferga for å få varene sine inn og ut.

Vi ønskjer ungdommen vår tilbake etter endt studie og vi vil ha nyinnflyttarar. Då treng vi å ta vare på dei arbeidsplassane vi har i kommunen og leggje til rette for å skape nye.

Aukra kommune er ein framoverlent kommune, og det vil vi fortsette med for å skape ein fortsatt god og attraktiv kommune å busetja seg i.

Det forundrar meg då at enkeltpersonar og politiske parti set demokratiet til side og raljerer med å kalle arma frå Møreaksen ut mot Aukra (Kjerringsundet) for ein omveg og ein bygdaveg i den tru at denne type argumentasjon skal bane veg inn på Stortinget. Det er heldigvis ikkje meiningsmålingar og antal medlemmar i grupper på Facebook som styrer Norge.

Det forundrar meg og at ikkje drevne politikarar ser at det å byggja saman ein stor arbeidsmarknadsregion vil vera det einaste riktige for å sikre Møre og Romsdal som region vidare. Det er nok av andre fylke og regionar som gjerne vil bruke 24 milliardar på sine vegprosjekt, og då er løpet køyrd etter 30 års arbeid for å få til dette.

All denne motstanden for å spare 3-5 minutt frå Ålesund til Kristiansund, nei eg trur det er andre grunnar for mange av motstandarane.

No må Møreaksen og Kjerringsundet på plass!

Odd Jørgen Nilssen

Ordførar i Aukra

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal