LESERINNLEGG

Takk, Terje Tovan!

Når dagleg leiar i Møreaksen seier at Terje Tovan driv kampanje mot Møreaksen kan han ikkje ta meir feil.

Terje Tovan (t.v.) og Bjørn Jacobsen. Bildet er tatt tidligere.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Terje Tovan har i god norsk ånd engasjert seg politisk mot at E 39 skal øydelegge bomiljøet i Molde. Han har lykkast vest for byen. Men enda mangla tunell frå Bolsønes til Lergrovika for å hindre rasering av Fannestranda. Og i Moldemarka må det enda meir tunell til for å stoppe raseringa. Han har vore med å pressa staten til å bygge veg på befolkningas premisser og burde takkast for det. Samtidig har han i lag med andre holdt fram at det finns alternativ. Ikkje berre vore mot men prata fram alternativet Romsdalsaksen.



Er dette en kampanje mot Møreaksen eller det det et prisverdig politisk arbeid for å hjelpe Staten med si hovedmålsetning om å føre trafikken utafor by og tettstader?

Katti blei Møreaksen vedtatt? Møreaksen er ikkje vedtatt. Han ligg inne i Nasjonal Transportplan NTP som et forslag til ka Regjeringa kan ta med på et statsbudsjett.

Det gjør Romsdalsaksen og:

«Forslag nr. 31 fra Heikki Eidsvoll Holmås på vegne av Sosialistisk Venstreparti: Stortinget ber regjeringa stanse videre arbeid med Møreaksen og igangsette utredning av Romsdalsaksen.»

Dette forslaget fikk ikkje fleirtal, men ligg i NTP. Det finns gode eksempel på prosjekt som var inne i NTP og så blei kasta ut igjen. Ka nye regjeringer kjem til å prioritere veit vi ikkje.

Det vi veit er at vi får splitter nye elektriske ferjer over Romsdalsfjorden frå nyttår. Dei kjem fordi vi er en nasjon vi med som skal kutte i klimagassutslepp. Verkstad og ferjefylket Møre og Romsdal visar seg fram.

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal