LESERINNLEGG

Tid for «Molde-aksen»

«Bygg ein sykkelsti frå Træffhallen, Idrettens Hus og Romsdalsmuseet, ned bak Molde v.g.s., i bru over Moldeelva ved Fabrikkvegen, i undergang under Frænaveien ved Power/Akademiet.»
Meninger

Molde kommune har ein vedteken overordna plan for trafikk som mellom anna omfatter ein «akse» på langs av viktige deler av Molde.

Planen er så genial at hadde dette vore ein plan for biltrafikk, hadde den vore bygd for lenge sidan. Dette er ein endå betre og meir framtidsretta plan. Det er ein plan for sykkeltrafikk.

Og no er tida inne for å gjennomføre planen medan diskusjonen går om ulike bil-akser.

Folk kjem sure og uopplagde på jobb etter å ha stått og stanga i bilkø på Fannestranda.

Kva går planen ut på? I korte trekk å bygge ein sykkelsti frå Træffhallen, Idrettens Hus og Romsdalsmuseet, ned bak Molde v.g.s., i bru over Moldeelva ved Fabrikkvegen, i undergang under Frænaveien ved Power/Akademiet. Så er det allereie bygt eit godt stykke av vegen nord for Roseby. Denne må forlengast austover bak Felleskjøpet, krysse Enenvegen (m/lys?), vidare austover i rolege bustadområde, opp til nedkant av gravplassen på Tøndergård, til overkant av Retiroparken og langs den til Nøisomhed og kunstgrasbana, videre gjennom boligområda til Kviltorp skole.

I begge endar vil aksen vere kobla til eksisterande gang- og sykkelvegnett vestover til høgskulen og vidare til Djupdalen og austover til Strande.

Til forskjell frå dei fleste andre sykkelvegar der ein syklar tett på bilvegen med eksos, støy og støv, vil «aksen» gå i sin eigen korridor med mykje grønt som omgivnader. Med Molde-aksen på plass vil mange prøve og «ryktet» vil gå om alle fordelar.

Her kan ein sykle og føle seg trygg, puste inn frisk luft i møte med andre fornøgde og smilande syklister. Ein vil komme til jobb og skule friske og opplagde til ein ny dag.

Ein skal ikke sjå bort fra at nokre av dei som tidlegare har vore i bilkø på Fannestranda vil prøve seg i Moldeaksen på to hjul.

Kom i gang med bygging av «Molde-aksen» no!

Jens-Peter Ringstad, medlem MDG

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal