LESERINNLEGG

Høgre er Høgre, og Møreaksen er greinalaus uansett!

Både kvinner og menn i FrP ynskjer ein trygg, rask, miljøvennlig og billigare trasé over Romsdalsfjorden, anten gjennom Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer, skriv Frank Sve.  Foto: Richard Nergaard

Meninger

Høgre er Høgre, kvinne som mann, og endrar ikkje det faktum at Høgre ikkje bryr seg om folket i heile fylket som slett ikkje ønskjer Møreaksen til 25–35 milliard kroner.

Om kvinner frå Høgre er noko betre enn «gretne gamle gubbar» skal eg ikkje konkludere på jamfør deira innlegg i RB.


Lei av at «gretne, gamle gubber» skal styre debatten: Nå vil de bli kvitt ferjene

De ledende Høyre-kvinnene i romsdalsregionen vil ha slutt på omkamper – det finnes ikke noe alternativ til Møreaksen, sier de.


Derimot er eg svært glad for at det ser ut til at kampen mot Møreaksen og kampen for sunn fornuft ser ut til å virke.

Kva Høgre kjem med i neste trekk, er eg verkeleg spent på. Har dei ikkje snart forstått at folket her i fylket er imot å bruke 25–35 milliard kroner på Møreaksen, ein gedigen omveg, ca. 400 meter under fjorden og gjennom Molde by?

Både kvinner og menn i FrP ønskjer ein trygg, rask, miljøvennleg og billigare trasé over Romsdalsfjorden, enten gjennom Romsdalsaksen eller framleis ferjer.

Kvinner og menn frå heile fylket er med i kampen mot den gedigne undersjøiske tunnelen, 6 mil med tunnelar, aldeles unødvendig risiko når vegen kan byggast OPPE på sjøen.

Innbyggarane her i fylket kan klart og tydeleg seie kva dei meiner om Møreaksen i stortingsvalget til hausten.

Då er ei stemme til Høgre, SP og AP ei stemme for å prioritere «lokalvegen» Møreaksen for 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden – og, nedprioritering av alle andre vegprosjekt i heile fylket som ikkje kjem til å få ei krone og blir utsett pga. Møreaksen i lang tid framover.

Det er ditt valg i stortingsvalget i september.

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2.-kandidat til stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP