LESERINNLEGG

Ungdom under 18 år bør få selje alkohol og tobakk 

I dag er det slik at ungdom under 18 år ikkje har lov til å selje alkohol og tobakk. Det gjer at ungdom ikkje får jobbe på fleire arbeidsplassar som kan vere aktuelle for ungdom.
Meninger

Framstegspartiets ungdom (FpU) ynskjer at ungdom skal få selje og servere alkohol og tobakk, slik at fleire ungdommar kan få jobbe.

Nokre vil kanskje påstå at det er problematisk å gje ungdom under 18 år løyve til å selje varer dei ikkje får kjøpe sjølv. Vi i FpU meiner at arbeidsgivar er meir egna enn staten til å vurdere om ein tilsett under 18 år er skikka til å selje disse varene.

Om ein 16-åring får jobbe i kassa på daglegvarebutikk i dag, så må vedkomande tilkalle ein annan tilsett over 18 år for å godkjenne salet. Det er til irritasjon for kunden, og det er lite effektiv bruk av tilsette. Det ender ofte opp med at dei under 18 år ikkje får jobbe så mykje som dei hadde ynskja.

Mange ungdomar i dag har lyst å jobbe i daglegvare- eller serveringsbransjen, men dagens regelverk gjer det vanskeleg for ungdommar under 18 år. Vi meiner at det skal bli enklare for ungdom å få seg jobb, for når ein skal skaffe seg jobb seinare i livet er det kjekt å ha arbeidserfaring på CV-en.

Dersom lova er slik at ungdom under 18 år ikkje skal jobbe med alkohol, verkar den mot si hensikt. Det er slik i dag at ungdom under 18 år kan bli satt som ansvarlege til å fylle på, og å bestille alkohol for bedrifta dei er tilsett i. Vi meiner at om ein er skikka til det, så er ein også skikka til å selje alkohol i kassa.

Joakim Myklebost Tangen - Formann i Møre og Romsdal FpU

Karl-Oskar Sævik - Styremedlem i Møre og Romsdal FpU

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal