LESERINNLEGG

Staten må betale sin eigen Europaveg!

Meninger

Folk i Molde må ikkje betale opp mot 2 miliardar i bompengar og Høgre sin planlagde bomring rundt Molde kan skrinleggast! Vi skal ikkje bygge bilveg for milliardar for å få ned biltrafikken. Vi må finne andre måtar å få fram sykkel og gange i Molde.

Dette er det viktigaste resultatet av at Bypakken er ute av nasjonal transportplan NTP. Så er det jo artig å se at ein har milliardar til motorveg, men ikkje til sykkel og gange på ny E 39.

Vegvesenet har som hovedmål å bygge veg utanom tettstader der folk bor skal nu tvinge E 39 gjennom Fannestranda med svære følger for de som bor der og Fannestrandsalleen.

Ideen med bypakken frå Vegvesenet var ikkje berre å ødelegge bymiljøet i Molde øst, men i tillegg å få folk til å betale for vandalismen. Dette kan ein lett ordne med å bygge tunellen litt lenger fram til Lergrovika. Ålesund-Molde skal være milevis med tunnel både under og over havet, men berre ikkje der det bor folk på Kviltorp i Molde? Men være med å betale bompengar skulle de som bor der.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide frå Krf tok innfartsvegen til Ålesund inn i NTP, som ikkje er E 39, og som består av Lerstadlokket. For å fjerne trafikken frå bomiljøet til de som bor langs innfartsvegen til Ålesund. Men ikkje i Molde.

I neste møte i Teknisk utval i Molde kjem eg til å legge fram følgande protokolltilførsel: «Det er leiar og kommunedirektør si oppgave å opplyse ei sak best muleg for utvalest medlemmar. Eg spurte i møtet om brevet som blei omtalt av Vegvesenet. Kva for brev er dette? Eg fekk ikkje nokka bra svar. Eg reagerer sterkt på at brevet ikkje er distribuert til utvalet så langt eg kan se. Eg vil be leiar i utvalget og kommunedirektør snarast la utvalets medlemmar få ta del i all informasjon om saka. Det er derfor vi har orienteringar. Sjølve tilblivelsen av brevet reknar eg med blir ei kontrollsak så det får vi komme tilbake til»

Så var det gledeleg at Budstikka gjorde sin plikt då de grov fram brevet så vi alle fikk se at her går Molde kommune bak ryggen på kommunestyret og folk i Molde.

Debattklimaet i Molde vil bli betre om vi får meir av at media grev fram kva som eigentlig skjer. Aller best så vi dette då ordførar Dahl sine uttaler på Politisk kvarter blei plukka sund av dyktige journalistar som ba om innsyn og saka blei opplyst før dagen var omme.

Makta treng å ettergås. Det er opposisjonen si viktige rolle. Så skal eg og innrømme at det kan gå over stokk og stein innimellom og at det kvile eit ansvar på meg og oss alle for å ha ein høvisk debatt.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal