LESERINNLEGG

Helland blir periferi med Møreaksen

Frå hurtigbåtkaia på Helland kan ein sjå over til Molde, men ikkje reise dit sjøvegen, hurtigbåtruta er nedlagt og døra er stengt. Med Møreaksen blir fleire dører stengde i Helland sentrum. Om Møreaksen vert ein realitet og ekspressbussen Kristiansund-Volda får sin einaste stoppestad i kommunen på Vik 9 km unna, vert det lite att av trafikk-knutepunktet Helland sentrum.   Foto: Martinus Løvik

Meninger

Då Tresfjordbrua kom, vart Tresfjord ein perifer avkrok. Togbussane til Åndalsnes vart borte, dei køyrer brua. Det er ikkje råd å komme ut av bygda eller inn dit med offentlege transportmiddel frå fredag ettermiddag til måndag morgon. Du kan ikkje ta ettermiddagsflyet eller ettermiddagstoget frå Oslo ein fredag, du kjem ikkje lengre enn til Hurtigbåtkaia på Helland (no utan hurtigbåt), om du ikkje vil bruke drosje (dyrare enn pensjonist-billetten til Helland frå Oslo) eller privatbil.

Om Møreaksen vert ein realitet, vil kommunesentret Helland ‘gå same vegen’ som Tresfjord gjorde då brua kom. Ei kommunikasjonsmessig hovedpulsåre no er ekspressbussen Kristiansund-Molde-Ålesund-Volda, ein gong i timen kvar veg frå morgon til kveld. Frå Helland er dette til dømes den beste måten for å reise til og frå Molde flyplass Årø. Med Møreaksen vil ekspressbussen få ein einaste stopp i Vestnes, på Vik. Det er om lag 9 km frå Helland sentrum. Hurtigbåtkaia utan hurtigbåt blir då også busstasjonen utan ekspressbuss. Om det blir heftet og bryet verdt for togbussen Ålesund-Åndalsnes å ta omvegen frå brua ut til hurtigbåtkaia utan hurtigbåt og utan ekspressbuss, er svært tvilsamt. Det naturlege kommunikasjonssentret i høve til togbussen blir Brastad. Gradvis vil Helland tørke inn og visne som sentrum. Rett nok heiter det at Vestnes er «midt i blinken» - og midt i blinken er det farleg å vere, spør du meg, men likevel – Helland si «storheitstid» vil vere over om Møreaksen kjem. Om det skjer så raskt at helsehuset Stella Maris og ny skule direkte kan kallast ei feilinvestering eller rettare feilplassering, skal eg ikkje seie, utviklinga vil vel ta eit par ti-år. Kommuneadministrasjonen og dei tenesteytande etatane vil sikkert bli att på Helland, men ting skjer fort no for tida. Slik som Ålesund slit med ein Moa og Digernes-effekt, vil Helland sentrum få ein Møreakse-effekt. Var eg kapitalist og investor, ville eg ikkje plassere pengane mine i Helland sentrum før planane om Møreaksen er kasta på fjorden. Svartsyn? Nei, me i Tresfjorda har fått lære kva som er realitetane når ein misser rutetilboda. Det gode ein kan seie om utviklinga dersom Møreaksen kjem, er at den vil motverke den sterke sentraliseringa til Helland som me no opplever i Vestnes. Men det er iallfall sikkert at når Helland sentrum sakte stagnerer på grunn av Møreaksen, og Molde-turen må skje via Vik og Otrøya, vil Digerneset og Moa enno meir enn no bli ‘byen’ dit tresfjordingane og andre på sørsida av Romsdalsfjorden vil dra for å handle. Einaste grunnen som blir att for å dra til Molde med Møreaksen vil vere når vi må ordne noko med romsdalsbunaden vår, men du skal sjå at tiltaksame sunnmøringar snart kjem med eit tilbod der og.

Martinus Løvik, Tresfjord

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal