LESERINNLEGG:

No treng vi mobilisering, du må bry deg!

Lisbeth Valle.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Er du sørfrening? Då håper eg du har tenkt deg til Jendem skule og stemme for å behalde nynorsken! Mange tenkjer sikkert at det ikkje er så farleg – at dette legg dei seg ikkje borti. Men det ER så farleg! Faktisk! Hugs på at vi bur på KARVILAND! Vi bur i bygdene som Edvard Hoem skildrar så fint i bøkene sine. Eg er så stolt over heimbygda mi. Og alle folka her. Det er røtene mine. Dialekta mi, morsmålet mitt!


– Jeg har aldri hatt det så godt. Livet steller pent med meg.

Edvard Hoem fyller 70 år. Det er slutt på seine kvelder på by’n, men han har fremdeles sterke meninger.



Bokmål eller nynorsk? Politikerne vil ha folkeavstemning på Jendem

Politikerne vil ha folkeavstemning før de bestemmer om Jendem skole skal være en bokmål eller nynorskskole.


Når ein tenkjer på det, er nynorsk jammen eit vakkert språk. Det liknar omtrent heilt nøyaktig på dei fleste av dialektorda som finst her. Med bokmål kjenner eg berre sorg for at dialektorda forsvinn. Argument for bokmål er at det er enklare. Men eg påstår det motsette. Når ein kjem oppover i skuleåra og skal til med sidemål, då ser ein det plutseleg. Først har ein mista litt av dialektorda sine, eller begynt «å språka», som eg kallar det. Eg tek meg i det sjølv også innimellom. Då pleier eg skylde på at eg sjølv hadde bokmål som hovudmål i grunnskulen. Det er òg grunnen til at eg måtte arbeide mykje hardare for å finne songen i nynorsken når eg kom til sidemålsundervisninga. Då angra eg på at eg ikkje hadde lært meg nynorsk i staden. For bokmålet, det kjem liksom gratis frå alle kantar, det sit naturleg for oss fordi vi vert fylt opp med det frå aviser, TV, sosiale medium og reklame.


Barnehager i Hustadvika skal bruke mer nynorsk:

Blir «nynorske» barnehager

Hustadvika kommune pålegger barnehager i kommunen å bruke mer nynorsk i sang, lek og høytlesning.


Akkurat no les eg om Tonje Glimmerdal (Maria Parr), ei ung jente med løvekrøller som bur nokså einsam i Glimmerdalen. Boka er på nynorsk. Maria Parr får gjennom språket boka til å synge, det vert så levande. Vi ser det for oss der vi sit på sengekanten, kjelketurane og sykkelhjelmen med Måse-Geir oppå. Eg vert fylt av glede over å kunne ha eit slikt verbalspråk. Kva skjer dersom vi legg oss på rygg for den store bokmålsstormen? Vi vert fattigare, det er min påstand. Og så pinleg då, at me skal gløyme nynorsken her i heimbygda til nynorskens lokale far!


Ble nektet nynorsk på nynorskskole

I lang tid har to nynorskskoler i Hustadvika ikke fulgt opplæringsloven. Lisbeth Valles sønn ble nektet nynorsk som hovedmål - selv om han gikk på en nynorskskole.


For elevane har det fleire år vore vanskeleg å få nynorsk som hovudmål. Fordi ein dei seinaste åra har hatt ein feilaktig praksis. Når elevane vart nekta nynorsk på ein nynorskskule, er det ikkje vanskeleg å sjå at statistikken vert misvisande. Gjort er gjort, men det vert vel fundamentalt feil å legge dette til grunn for den framtidige praksisen då? Lat oss halde på dialekta, på nynorsken, på stoltheita, på heimlandet barndom, på språket vårt!

Bokmål får ein gratis, nynorsk bør ein lære seg tidleg for å finne fram til songen, både til bruksmålet, kvardagsspråket - og diktarspråket. Og når ein lærer det som førstespråk, så sit det langt betre enn lært som sidemål. Og du har lagt til noko av ditt eige, frå din eigen geografiske og kulturelle bakgrunn.

Stem for å ta vare på røtene. Alle som bur på sørsida har stemmerett. Ikkje berre dei med elevar i skulen, men ALLE som er busett her. De kan stemme på førehand på Jendem Skule 11/3, eller de kan møte valdagane SØNDAG 14. og MÅNDAG 15. MARS frå 13.00-18.00 (til kl. 20.00 måndag).

Godt val!

Nynorskhelsing frå lokalpatrioten Lisbeth Valle

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal