LESERINNLEGG

Møreaksen inn i Nasjonal transportplan – la optimismen seire!

Vi kjenner vel alle ein pessimist. Dei aktive pessimistane lever som kjent lenge og vel på å snakke ned gode forslag og tiltak på område etter område. Pessimistane får kanskje rett av og til, men dei får sjeldan eller aldri oppleve det sjølv.

Illustrasjon: Møreaksen / Statens vegvesen 

Meninger

Med verv og oppgåver i «Møreaksenprosjektet», har det vore givande å samarbeide med mange dyktige personar og etatar i omlag tredve år. Som kjent har aldri eit fastlandsprosjekt av ein viss storleik blitt beslutta på under 33 år. Samferdelsesdepartementet har over tid jobba med å utarbeide ny stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP 2022-2033), som etter planen skal leggast fram i mars, april 2021. Møreaksen er utan tvil eit godt framtidsretta og «gryteklart» prosjekt, der alle krav, utredningar og demokratiske behandlingar har blitt etterlevd, gjennomført og godkjent.

Viss vi ser attende, er det både forunderleg og svært uforståelige å sjå korleis tidligare fastlandsamband i Møre og Romsdal, omtrent utan unntak, har blitt framstilt som noko av det verste som kan ramme eit samfunn på område etter område. Der sjølvoppnemnde «ekspert» og «faktagrupper» med underskriftsaksjonar og motstand, over tid, framførte gjentatte elendighetsbeskrivelser om korleis regionar, innbyggarar og brukarar vil bli ramma på ein svært negativ og øydeleggjande måte, om ferjene vert erstatta med fastlandsamband.


Politikarane ueinige om kva reduserte ferjeprisar får å seie for fjordkryssingsprosjekta i nordvest:

- Løpet kan vere køyrt for Møreaksen

Mykje tyder på at ferjeprisane om ikkje anna blir sterkt reduserte dei neste åra. Men kva vil det ha å seie for dei store fjordkryssingsprosjekta?


Ein treng ikkje være ekspert på statistiske metodar eller samfunnsanalyse for å fastslå følgande: Det er med stor sannsyn få personar som er imot fastlandsambanda Krifast, Atlanterhavsveien, Eiksundsambandet eller andre liknande prosjekt i fylket vårt. Om dei finns, sit dei ivertfall stille i båten. Det er i dag 37 undersjøiske tunnellar i Noreg. Dermed er det kanskje på tide å kvitte seg med den ugrunna pessimismen, skepsisen og negativiteten. Og heller sjå på mulighetene som gode framtidsretta fastlandsamband fører med seg for alle brukarane og samfunna.

Fastlandsprosjekta i Møre og Romsdal har som kjent blitt gratis å nytte for trafikkantane, omlag ni år tidligare eller planlagt, hovedsakelig på grunn av auka trafikk. Og det viktigaste, dei er opne heile døgnet, og kan nyttast når det passar den enkelte.

Eg føler meg sikker på at dei tusenar av personar som kjempa og åtvara mot desse «forferdelige» fastlandprosjekta, forhåpentligvis har fortrengt eller gløymt alle elendesbeskrivingane dei trudde fullt og fast på, og som ville ramme samfunna svært negativt om prosjekta vart bygt. Eg trur også at dei aller fleste har fått tilbake normal pust, hjerterytme og sinnelag når dei fornøgd, og kanskje litt smilande kan nytte Eiksund, Krifast eller Atlanterhavsveien – og eksempelvis Fannefjordtunnelen med sine nærare ti prosent stigning. Det finnes vel knapt prov på at trafikantar har slutta å bruke desse «forferdelige» prosjekta? Heller tvert imot.


Om tre år har Aukra kommune 1 milliard kroner på bok til Kjerringsundet

- Uten Møreaksen settes vi 20 år tilbake

Uten at Møreaksen bygges, blir det heller aldri noe av Kjerringsundet, sier ordfører Odd Jørgen Nilssen i Aukra. - Da settes øysamfunnene minst 20 år tilbake i tid, sier ordføreren.


Det er grunn til å fastslå: ingen fastlandsprosjekt i Møre og Romsdal eller i Noreg er planlagt og ønska på grunn av ferjeprisar. Og til dei som trur dei mange ferjene med sine årlege høge investeringsbehov og store driftsutgifter, er tilnærma gratis for staten eller fylka å drifte, må snarast råd revurdere denne feilaktige trua. Derfor bør ferjene der mulighetene ligg til rette, kunne bli erstatta med framtidsretta infrastruktur og betre tilgjengelighet. Møreaksen tilfredsstiller utan atterhald alle desse ønska og kriteria.

Møreaksen har gjennom nærare to tiår gjennomført alle pålagte krav og utredningar, som lokale, regionale og nasjonale myndigheiter har stilt. Alle utredningane viser eit eintydig anbefalt Møreaksen-konsept som det klart beste prosjektet med god samfunnsnytte. Prosjektet har som kutyme, blitt kvalitetssikra (KS1) gjennom ein eigen ekstern kvalitetssikring på oppdrag frå – og med ansvar frå Finansdepartementet. Samferdselsdepartementet har deretter gitt sin tilslutning til anbefalingane – og konseptvalutredninga blei godkjent av overordna myndigheter og regjering. Då vakna sjølvsagt igjen, den alltids ibuande motstandskulturen og mistrua til live igjen, framført på inn- og utpust, med nye forsterka elendighetsbeskrivingar mot Møreaksen. Fakta og mulighetene ville dei sjølvsagt ikkje høyre om, ta inn over seg, eller tru på. Elendighetsbeskrivingane, retorikken og påstandane er kjennbare framføringar frå tidligare tider: mot Krifast, Eiksund, Ålesundtunnellane og andre fastlandsprosjekt i Møre og Romsdal.


Flertallet sa ja til Kjerringsundet

– Vi løser ikke klimautfordringene ved å slutte å bygge veger. Kjerringsundet er et glimrende håndslag for å ha spredt bosetting i landet, sier fylkespolitiker Jan Ove Tryggestad (Sp). Det er flertallet i fylkesutvalget enig i, mens MDG, SV og Fremskrittspartiet kjemper mot.


Eikesundtunnelen var lenge verdas djupaste undersjøiske tunnel (288 m), med ein stigningsprosent på 9,6 prosent (dei fleste har omlag 9 prosent stigning). No er den nyopna Ryfylketunnelen blitt verdas djupaste undersjøiske tunnel. Møreaksen vil med 5 prosent stigning med to uavhengige tunnelløp, bli både god, trygg og framtidsretta å ferdast i – til stor glede og nytte for innbyggarar, næringsliv og alle brukarane.

Vi er mange som ser fram til behandlinga av Nasjonal transportplan i mars, april i år. Og etter mitt syn har vi grunn til å tru på eit godt og optimistisk vedtak, der Møreaksen kan skrivast inn i Ny Nasjonal transportplan, og byggjast.

La optimismen, fornuften og framtida seire!

Bernhard Riksfjord, Aukra

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal