LESARINNLEGG

Åpent brev til Tove Henøen: – Er det verkeleg 1. april allereie?

Sp har gått ut av sitt gode skinn, og er fagleg instans i sjukehusdrift, skriv Jon Arne Lindseth.
Meninger

Er det verkeleg 1. april allereie? Sp har gått ut av sitt gode skinn, og er fagleg instans i sjukehusdrift. Kva gjev mest utteljing i valget, det er spørsmålet. Faglighet må vike for populisme. Veit du kor mange hundre jordmødre som manglar i Norge? Eller gynekologar?

Veit du kor mange som går av med pensjon i helsevesenet om ti år og kor man–ge som vart fødde for 20 år sidan?

Då ser du kva utfordringar vi har i Norge. Men det er vel ikkje interessant i ein valgkamp.
Når to fødeavdelingar har slete i lang tid med å drive, dolkar du i ryggen det som er igjen. Du burde heller kome med blomster for at dei står på for fødande frå både Nordmøre og Romsdal.

Held du på, greier du og dine i Sp å legge ned i Molde og, då blir det ikkje lett å bygge opp igjen. Lykke til med å «beordre» (Utredning på gang ang. pandemien).


Mener fødedrift i Molde er kjempeviktig - og at ansatte kan beordres til Kristiansund for å gjenåpne der

Tove Henøen (Sp) mener ansatte kan beordres til Kristiansund for å sikre fødedrifta der. Samtidig sier hun at fødedrift i Molde er kjempeviktig.



Advarer om politisk spill i fødesaken:

– Vi risikerer sammenbrudd i fødetilbudet

Torgeir Dahl mener risikoen er stor for sammenbrudd i fødetilbudet i Nordmøre og Romsdal hvis Stortinget krever at Høie instruerer gjenåpning av føden i Kristiansund, uten forbehold.  


Gynekologar kan få seg jobb på dagen, der det er mindre vaktbelastning slik at dei kan treffe familien og.
Då blir det føde i Ålesund og Trondheim, men kan hende får du ei stor bunadssølje som takk.

For det er vel der fagfolket til Sp er. Dei snakkar om reisevei, og opplyser at det frå 2017-2019 var 19 transportfødslar på Nordmøre, fleire på vei til St.Olavs. Etter Google er det 50 min lengre vei enn til Molde, og kor mange reiste til St.Olavs når Kristiansund var åpent?
Sist SP var i regjering la Toppe & co ned fødeplassar i Sogn og Fjordane, slik at det blei berre ein igjen. Men der er det vel ikkje så farlig. Med lengre reisevei enn frå Veiholmen. Men Toppe var på Nordmøre som turnuskandidat. Og her lokkar kanskje eit Stortingsmandat eller to.

Så vil de skrote foretaksmodellen. Då blir det 4-årsplaner for politikarar med eit stortingsmandat i magen som samlar misnøye for å bli valgt. Som ansvarlig fylkespolitikar burde du vore tydelig på at dette vedtaket ikkje går opp, særlig ikkje når Sp no skal ha tre store akuttsjukehus i Oslo sentralt. Det burde du ha signalisert til stortingsgruppa og. Det er ikkje nok fagfolk.

Vi har 70.000 arbeidarar inn/ut av landet berre for å halde bygg og anlegg i gang, kor mange tusen fleire enn i dag skal vi ha inn/ut av landet i helsevesenet? For i dei landa treng vel ikkje mødrene/barna sine eigne fagfolk?

PS. Alle opplysningane ovanfor ligg ope på nett.

Jon Arne Lindseth

--------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal