LESERINNLEGG

Vi vil ha hydrogensatsing i Aukra!

I onsdagens Romsdals Budstikke peika Stortingsrepresentant Else May Norderhus på Aukra. Der ho ser muligheiter for både hydrogenproduksjon og karbonfangst og lagring.

Varaordfører Audhild Mork (Ap).  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Desse muligheitene såg Norderhus også i 2019. Og 2020.

31.juli 2019 stod daverande ordførar Bernhard Riksfjord fram i Romsdals Budstikke og sa at han trudde på ny industrimuligheit i Aukra. Han lanserte Nyhamna som lokaliseringsstad for ein fabrikk med storskala produksjon av hydrogen, basert på naturgass.

I august 2019, slutta eit einstemmig kommunestyre seg til planar om ei hydrogensatsing i Aukra. ROR kommunene (Molde, Midsund, Vestnes, Fræna; Eide, Nesset og Rauma) gav august 2019 støtte til initiativ om hydrogenproduksjon i Aukra. Aukra AP sendte i jan-20 sitt vedtak frå årsmøtet om hydrogensatsing til fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal 21 og 22.mars.

Regjeringa foreslo 100 million til hydrogensatsing i Statsbudsjettet for 2021. Arbeiderpartiet sette av mykje meir i sitt alternative budsjett. Arbeiderpartiet har eit sterkt partiprogram for Stortingsvalget 2021 om fornybar energi, herunder hydrogen. Til kommunestyret i mars-20 hadde arbeiderpartiet i Aukra interpellasjon om hydrogensatsing. I juni-20 hadde Aukra Arbeiderparti ein interpellasjon i kommunestyret som fekk fleirtal. Den omhandla å få fram ei sak om arbeidsplassutvikling i Aukra, herunder hydrogensatsing. I okt-20 hadde KRF ein interpellasjon til Kommunestyret i Aukra, der dei ønska å få fram ei sak om hydrogensatsing, og viste til Arbeiderpartiet i Aukra sin interpellasjon frå juni-20 og vårt lesarinnlegg i Budstikka frå sept-20. I des-20 fatta Aukra kommunestyre eit fleirtalsvedtak der vi set av 50% av Havbruksfondet til Hydrogensatsing.

Så kva ventar vi på?

Som Norderhus skriv – framtida ligg gryteklar; og Norge må ta leiartrøya! Om ikkje vi får opp farta no, så joggar andre frå oss. Underteikna har sidan oktober pusja på for å få innkalla til Teamsmøte med mulige aktørar til ei slik satsing i Aukra. No får vi ei politisk sak om dette i februar, men etter mitt syn må vi gjere begge deler. Underteikna har i tidlegare innlegg skrive mykje om KVIFOR Aukra vil ha dette. No treng vi det meir enn før. Hjørnesteinsbedrifta vår vart nedlagt i des-19. Vi må tenke heilt nytt!

Norge er i ein unik posisjon og har eit klart fortrinn for å utvikle systemløysinger for grøn transport. Ved å produsere hydrogen der den skal brukast, kuttar vi ikkje berre utslepp og kostnadar på transport, men vi gir grunnlag for industrivekst og nye, grøne arbeidsplassar i distrikta. Vi har med oss alle vi skal ha med oss i dette. La dette verte det nye industrieventyret som skaper arbeidsplassar i distrikta som Aukra, Møre og Romsdal og Norge treng!

Audhild Mork, varaordførar i Aukra

--------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal