LESERINNLEGG

Møreaksen treng ikkje ingeniørar for å vere greinalaus

«Kven har kritisert dei ingeniørane som blir tvinga til å prosjektere noko så gammaldags, miljøfiendtlig og greinalaust som Møreaksen»?

Fylkespolitiker Frank Sve (Frp).  Foto: RICHARD NERGAARD

Meninger

Tilsvar til Høgre og Falk Øveraas.


LESERINNLEGG

Når det gjelder Frp sine lovord om å trenere Møreaksen er ikke dette annet et barnslig forsøk på populisme

Lytt til erfarne fjellfolk kan være en god regel, for politikere sin del, kan det ofte være fornuftig å lytte til de som har fagkompetanse.


Falk Øveraas er nok ein grei kar, men samferdsel kan han ikkje ha mykje greie på når han trur det er ingeniørane vi i FrP er imot, når vi ynskjer Romsdalsaksen framfor Møreaksen.

Møreaksen med sine 3-400 m under fjorden, ny verdensrekord i hengebru, over 3 km med tunellar og haugevis med rundkøyringar igjennom Molde by, er sikkert kjekt for STVV sine ingeniørar.

Derimot er prosjektet slett ikkje kjekt spesielt for alle vogntoga som skal bryte 40-60 tonn ned og opp igjen frå 3-400 m under Romsdalsfjorden. Det ser heller ikkje ut til å vere «kjekt» for eit stort fleirtal av innbyggjarane her i fylket, som slett ikkje likar slike ekstreme undersjøiske tunellar.

Falk Øveraas kan gjerne forsøke å henge meg ut som person, men mitt engasjement for å skrote Møreaksen og prioritere Romsdalsaksen blir berre enda større av slik «barnslige» angrep.

«Ikkje fyrste gongen Falk Øveraas forsvarar Høgre sine dårlege saker og løysingar, gjennom eit angrep på meg som person på grunn av mitt standpunkt mot Møreaksen».

Heldigvis viser slike innlegg at Høgre sjølvsagt også er klare over at Møreaksen blir «skrota», og at Nye Veier AS mest truleg får strekninga Ålesund-Molde inn i sin portefølje. Då blir sjølvsagt alle sider av denne saka snudd opp ned, og vurdert på nytt. Klart det er frustrerende for Høgre og Falk Øveraas at folk flest og næringslivet her i fylket ynskjer Romsdalsaksen, men tenk om Høgre her i fylket snart begynner å lytte til innbyggjarane, og ikkje berre til byråkratane.

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal Frp

--------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal