LESERINNLEGG

Midsund - som eiga kommune?

Meninger

«Kommunesamanslåing - var det liv laga?» var overskrifta i eit lesarinnlegg frå tidlegare ordførar i Midsund - Einar Øien.

Øien tok utganspunkt i eit intervju med tidlegare rådmann i Midsund som konkluderte at så ikkje var tilfelle. Som varaordførar i tidlegare Midsund kommune frå 2015 –2020 har eg behov for å kome med nokre kommentarar til Øien sitt innlegg. Ein del av argumenta hans er lettvinte, nokre feilaktige og for meg provoserande.


LESERINNLEGG

Kommunesammenslåing – var det liv laga?

«Folk i Midsund vil fortsatt og kanskje for alltid være midsundinger og IKKE moldensere.»


Det kan verke som Einar Øien ikkje heilt forstår forskjellen på å drive ein kommune og ei privat bedrift. Ein kan ikkje nekte å utføre lovpålagte oppgåver i ein kommune for å balansere inntekter og utgifter. Ikkje-lovpålagte tenester er også viktige, fordi dei fører til trivsel og livslyst i kommunane. Meiner for eksempel Øien at Midsund ikkje burde ha like gode tenester i Barnevern, Krisesenter, Brann og Redning som andre kommunar i Romsdal?

Meiner den tidlegare ordføraren at det ikkje skulle vore lov å starte ein privatskule i Midsund? Trur han verkeleg at ei eiga innkjøpsordning for Midsund og eit eige IKT-system ville bli rimelegare enn samarbeid om desse tenestene? Var Einar Øien villig til å gi dårlegare tenester til dei svakaste gruppene, for å oppretthalde Midsund kommune? Ut i frå det han skriv, kan det tolkast slik.

Den tidlegare ordføraren gjer eit poeng av at i perioden 2016 - 2019 hadde Midsund kommune store negative driftsresultat, mens i 2011 – 2015, mens Øien var ordførar, blei det bygd opp eit disposisjonsfond på 5,6 mill. Også i Øien si periode var det utfordrande økonomiske tider, og store utbyggingsoppgåver blei skuva ut i tid. I 2016 fekk vi vurdert drifta eksternt av Bjørn Brox i Agenda Kaupang som driv med økonomisk analyse av kommunane.

Konklusjonen var at Midsund ikkje dreiv noko dyrare enn andre kommunar i same kommunestorleik, og det var lite innsparingar å hente i dei store sektorane. Når folkerøystinga i Aukra viste at det var berre 24,3% av innbyggjarane som ville slå seg saman med Midsund, og politikarane der tydleg signaliserte at dei ville respektere folkerøystinga, valte fleirtalet i Midsund kommunestyre den 23. juni 2016 å slå seg saman med Molde frå 1.1.20. Det som stod i intensjonsavtalen mellom Molde og Midsund var viktig for denne avgjerda.

Denne negative økonomiske utviklinga vart forsterka dei siste åra Midsund var eigen kommune. Sjølv med rekordhøge skatteinntekter, rekordlåg rente og nedbygd administrasjon, var det, etter mi vurdering, ikkje dårleg økonomistyring, men eit stadig aukande driftsomfang og krevjande tenestetilbod mellom anna innanfor helse og omsorg som førte til utfordringane.

Netto driftsresultat i denne perioden:

2016: + 696239 kr

2017: - 7071053 kr

2018: + 2634909 kr

2019: - 7360828 kr.

Bruk av disposisjonsfondet balanserte rekneskapen i 2016, og påfyll i havbruksfondet berga resultatet i 2018, men kunne ikkje hindre at vi kom på Robeklista første halvår 2019, men ikkje i heile perioden 2015 –2019 som Øien skriv.

Det som provoserer meg mest er at den tidlegare ordføraren meiner at svært lite av det som står i intensjonsavtalen er gjennomført. Midsund skule står ferdig denne våren. Dette er eit praktbygg som vil vere eit gode for elever, lærarar, foreldre, besteforeldre, med andre ord – heile midsundsamfunnet.

Det undrar meg at Øien meiner at det ikkje er problem for ei lita kommune å byggje ein slik skule. Det er berre å gå i banken og låne 134 mill meiner han. Har han gløymd at dette vil føre til årlege finanskostnader på ca. 6, 9 mill? Det er meir enn eigedomsskatt og havbruksfondet ville gitt kvart år. Kva for tenester ville Øien skore ned på for å finansiere skulen.

I tillegg er det investert over 50 mill i sentrumsutvikling, Skarsvegen i Rakvåg, asfaltlegging, idrett og friluftsliv og tilrettelegging for næringslivet. Idrettslaget har fått ein langt betre avtale med Molde kommune enn dei hadde med Midsund kommune. Det gjer det lettare for laget å drive Midsundhallen og i tillegg realisere fotball- og klatrehallen. Dette er gjort utan at det har gått ut over drifta av Midsund kommune.

I kommande økonomiplan står desse prosjekta:

Sentrumsutvikling/uteområde Antonbua kr. 8.950.000,-

Kommuneveg Fjøsbakken – Hamna kr. 6.850.000,-

Infrastrukturtiltak øvre Stormyra kr. 5.800.000,-

Brannstasjon Midsund kr. 3.000.000,-

Trapp Bakkeelva kr. 550.000,-

Midsund kommune hadde ei underdekning mellom 5 – 10 mill i perioden 2015 - 2019.

Eg legg merke til at Øien ville ha finansiert ei sjølvstendig Midsund kommune med eigedomsskatt, noko han var prinsipiell motstandar av i si ordførarperiode. Til trass for innføring av eigedomsskatt og bruk av havbruksfond, hadde Midsund ikkje greidd å gjennomføre dei fleste investeringane eg har vist til i innlegget.

Nyskulen hadde enno vore på teiknebrettet og idrettslaget kunne sett langt etter fotball- og klatrehall. Ein liten administrasjon hadde slite med rekruttering og eit for lite fagmiljø. Dei store investeringar innanfor vatn og avløp, som isolert sett må gjerast, hadde ført til betydelege aukingar i avgiftene i Midsund. Dette burde Øien vere ærleg å fortelje folk.

Med andre ord er eg nok langt meir samd med ytringane til tidlegare rådmann enn tidlegare ordførar I Midsund

Så skal eg vere einig med Einar Øien at alt ikkje er roseraudt i den nye kommunen for innbyggjarane i Midsund. Sjølv om eg ikkje vil forskotere driftsresultatet for Molde kommune i år, slik som Øien gjorde i sitt innlegg, så kjem eigedomsskatten som blei innført, auka arbeidsgivaravgift og lenger sakshandsamingstid på minussida. Det siste må politikarane og administrasjonen kunne gjere noko med.

Frits Inge Godø

--------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal