Møre og Romsdal må bli ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring

Meninger

Høyringsuttale: Møre og Romsdal må bli ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring, dersom Stortinget vedtek ein to-nivåmodell i ny organisering av Kriminalomsorga, jf. Prop. 143 L (2019-2020) til Stortinget.

Dei tre regionrådene/politisk råd i Møre og Romsdal har samarbeida med Møre og Romsdal fylkeskommune om ein felles høyringsuttale, og ber om at Møre og Romsdal blir ei sjølvstendigeining for gjennomføring av straff, dersom ny organisering av Kriminalomsorga blir vedteken av Stortinget.

Kapittel 4 i proposisjonen inneheld forslag om å endre organisering av Kriminalomsorga frå en modell med tre nivå til en modell med to nivå. Det vert foreslått at Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) blir ei sentral eining og straffegjennomføringa i landet deles inn i tolv regionale einingar.

I prop. 143 L ligger ikkje forslag til geografisk inndeling av dei tolv einingane inne, men organisasjonsmodellen kjem frå KDI sin rapport «Fremtidens kriminalomsorg – et fellessamfunnsoppdrag» frå 2019. Der vert foreslått at Møre og Romsdal plasserast saman med Trøndelag .I prop. 143 L, punkt «4.2 Samarbeid med andre etater» vert viktigheita av at organisering av kriminalomsorga best muleg understøtter samarbeidet med andre etatar.

Her vises det spesielt til inndelinga i politidistrikt, velferdsetatar og ny fylkesinndeling.Nordmøre IPR, ROR og SR meiner at Møre og Romsdal må vere ei eigen sjølvstendig eining for straffegjennomføring

a) Organisering saman med Trøndelag bryt med organiseringa av Kriminalomsorga sine viktigaste samarbeidspartar.

Møre og Romsdal er eitt av 11 fylke i landet, har sitt eige stats forvaltarembete, er eige politidistrikt, eige helseføretak i Helse Møre og Romsdal, vi har NAV Møre og Romsdal og eigen KS-region. Kriminalomsorga skal samarbeide tett med alle desse samfunnsaktørane, og ei ulik geografiskinndeling vil gjere samarbeidet mykje vanskelegare.

Eininga vil i så fall måtte ha to sett samarbeidsavtalar med mange etatar, ein med Trøndelag og ein med Møre og Romsdal. Dette går mot visjonen om «fremtidens kriminalomsorg – et felles samfunnsoppdrag», og er i strid med punkt 4 i prinsipp for organisering i prop. 143 L.

b) Møre og Romsdal er stort nok til å vere ei sjølvstendig eining i Kriminalomsorga.

Møre og Romsdal har om lag 267 000 innbyggjarar, og eit areal på 14 355 km2. Kriminalomsorga har fem lokasjonar i fylket: Ålesund fengsel, Hustad fengsel og Møre og Romsdal friomsorgskontor med hovudkontor i Molde og avdelingar i Kristiansund og Ålesund. Møre og Romsdal har fleire innbyggjarar og like stor eller større aktivitet i Kriminalomsorga enn Nordland og Troms og Finnmark, som er foreslått som sjølvstendige einingar.

c) Kriminalomsorga i Møre og Romsdal har planane klare for å bli organisert som ei felles eining.

I haust har Kriminalomsorga i Møre og Romsdal arbeidd med eit såkalla «sømløsprosjekt» dereiningane jobba saman for å finne ei felles organisering av aktiviteten i Møre og Romsdal.

Dette arbeidet var godt i gang då det vart stoppa etter at prop. 143 L vart lagt fram .I følgje organisasjonane i Kriminalomsorga, stadfestar dei førebelse resultata frå dette prosjektetat det er grunnlag for Møre og Romsdal som ei sjølvstendig eining for straffegjennomføring.

d) Trøndelag og Møre og Romsdal som eitt område blir for stort, og kan bli krevjande å slå saman.

I dag ligg Møre og Romsdal under Kriminalomsorga region vest, men i ein tre-nivåmodell med større lokal ansvar og aktivitet. Ei «lokal» eining beståande av Trøndelag og Møre og Romsdal vil dekkje eit stort geografiskområde med lang reisetid mellom Kriminalomsorga sine lokasjonar. Det vil skape ein for stor avstand mellom leiing, administrasjon og dei som faktisk står for straffegjennomføringa.

Det kan også vere ei utfordring at Møre og Romsdal og Trøndelag i dag høyrer til i to ulike kriminalomsorgsregionar, med ulike plattformer og kulturar. Det vil vere krevjande å få dette til å smelte saman på kort sikt

e) Organisering saman med Trøndelag kan tappe Møre og Romsdal for statlege arbeidsplassar. Møre og Romsdal er av fylka i landet med færrast statlege arbeidsplassar og funksjonar. Vår erfaring er at ei slik organisering på lengre sikt vil føre til at Møre og Romsdal mistar viktige statlege kompetansearbeidsplassar. Leiing og spesialistfunksjonar følgjer ofte tyngdeloven i retning storbyane, i dette tilfellet Trondheim.

Vi ynskjer sterkt å behalde og utvikle desse arbeidsplassane i Møre og Romsdal.

f) Dei lokale einingane for straffegjennomføring må sikrast ein berekraftig økonomi.

.Dersom Stortinget vedtar ein modell med to nivå, må dei nye einingane for straffegjennomføringfå ansvar og tilstrekkelege ressursar til forsvarleg drift, og til utvikling av betre tenester. Så mykjesom mogleg av oppgåveløysing og utvikling må skje lokalt. Oppgåvene og ressursane i dagens regionledd må fordelast nedover i organisasjonen, så nært brukarane som mogleg. Dette må ikkjebli ei sentraliseringsreform.


Nordmøre Interkommunalt politisk råd (IPR) er det politiske samarbeidet mellom Aure, Averøy,Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.Romsdal Regionråd (ROR) er regionrådet for kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Vestnes ogRauma.Sunnmøre Regionråd (SR) er regionråd for kommunane Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda,Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes Volda, Ørsta og Ålesund.

Denne felles uttalen er utarbeida på vegne av kommunane i Møre og Romsdal.

Vebjørn Krogsæter, styreleiar Sunnmøre Regionråd, Torgeir Dahl, styreleiar Romsdal regionråd, Kjell Neergaard, leiar Nordmøre IPR, Jan Kåre Aurdal, dagleg leiar Sunnmøre Regionråd, Alf Reistad, dagleg leiar Romsdal regionråd, Ellen Engdahl, dagleg leiar Nordmøre IPR