LESERINNLEGG

«Det var med overrasking vi las i Sunnmørsposten sin leiar at ansvarleg redaktør støtta regjeringa sitt forslag til domstolsreform»

"Regjeringa har i alle fall ikkje foreslått at det skal opprettast ein «Sunnmøre rettskrets», skriv sorenskrivarane frå tre av dei fire tingrettane i fylket. Her frå Romsdal tingrett.   Foto: Illustrasjonsfoto: Oddbjørn Harnes

Meninger

Merknad til Sunnmørsposten sin leiar 19. november 2020

Det var med overrasking vi las i Sunnmørsposten sin leiar at ansvarleg redaktør støtta regjeringa sitt forslag til domstolsreform mellom anna fordi vi no ville få «Sunnmøre rettskrets». Det er uvisst kva som er kjelda for denne opplysninga. Regjeringa har i alle fall ikkje foreslått at det skal opprettast ein «Sunnmøre rettskrets». For Møre og Romsdal finn ein regjeringa sitt forslag i Prop 11L (2020-2021) s 67: Anbefalt tingrettsstruktur:

«Tingrett: Møre og Romsdal

Rettskrets (tidligere tingretter med tilhørende rettskretser: Nordmøre (eks Rindal), Romsdal, Sunnmøre, Søre Sunnmøre

Bemannede rettssteder: Kristiansund, Molde, Ålesund, Volda

Kommuner: Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Hareid, Herøy, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Sande, Smøla, Stranda, Sila, Sunndal Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta, Ålesund.»

Rettskretsen er såleis foreslått å vere heile Møre og Romsdal. Dersom Sunnmørsposten sin ansvarlege redaktør sit på informasjon om kva regjeringa forhandlar med FrP om bak skjulte dører, kunne ein forvente at allmennheita vart opplyst om dette. Det er i aller høgste grad interessant for offentlegheita å få vite korleis regjeringspartia vektar den tredje statsmakt si framtidige organisering opp imot det dei elles forhandlar med FrP om.

Dessutan, om ein skal ta Peter Frølich (H) på ordet når han lovar at aktiviteten i distrikta skal gå opp, så må det bety at Ålesund og omegn sine innbyggjarar må belage seg på å reise til t.d. Volda eller Kristiansund for å få avvikla sakene sine, sidan talet på saker i domstolane ikkje er aukande. Kanskje vert forslaget mindre akseptabelt når ein innser at reisebyrda og ulempene vert lagt på byfolket?

Om regjeringa no i tillegg forhandlar med FrP om ytterlegare endringar i forslaget, vil det vere i strid med Stortinget sin eigen høyringsinstruks å vedta dette utan ytterlegare utgreiing og høyring, jfr Utredningsinstruksen 3-3:

«3-3 Høring

Offentlige utredninger, forslag til lov og forskrift og forslag til tiltak med vesentlige virkninger skal normalt legges ut på høring. Høringene skal være åpne for innspill fra alle. Høringsfristen skal tilpasses omfanget av tiltaket og hvor viktig det er. Høringsfristen skal normalt være tre måneder, og ikke mindre enn seks uker.

Høring kan unnlates dersom den

  • ikke vil være praktisk gjennomførbar
  • kan vanskeliggjøre gjennomføringen av tiltaket eller
  • må anses som åpenbart unødvendig.

En beslutning om å unnlate høring skal treffes av øverste leder i det ansvarlige forvaltningsorganet. Beslutningen skal være skriftlig og begrunnet, og skal følge saken.

Hvis høringsuttalelsene eller andre forhold fører til vesentlige endringer i forslaget, skal det reviderte forslaget legges ut på ny høring.» (Vår utheving).

Ein må kunne forvente at justisdepartementet og regjeringa forheld seg til gjeldande reglar for utgreiingar og høyringar og at ein no tek seg tid til å utgreie forslaget skikkelig, der ein vurderer både fordelar og ulemper, samt konsekvensar på kort og lang sikt.

Elisabeth Wiik, sorenskrivar Søre Sunnmøre tingrett

Svein Eikrem, sorenskrivar Romsdal tingrett

Ole Ingar Ødegaard, sorenskrivar Nordmøre tingrett