LEDER LØRDAG 21. NOVEMBER

Meir å gle seg over frå Edvard Hoem

EIN BAUTA I NORSK LITTERATUR: Forfattaren Edvard Hoem har klar ei ny bok, om felemakaren Lars Olsen Hoem.  Foto: Paal Audestad

Folk kan ikkje få nok av historiene til Edvard Hoem.

Meninger

Det er ei stor kulturhending når den framste av forfattarane i Romsdal, Edvard Hoem, har ei ny bok ferdig. «Felemakaren» er tittelen på den nye romanen. Det er forteljinga om det dramatiske livet til Lars Olsen Hoem som levde frå 1782 til 1852, lesaren får følgje. Hovudpersonen i forteljinga var både soldat, krigsfange og til slutt velrennomert felemakar.

Dette er sjette boka der Hoem skriv om menneske som har røter i bondesamfunnet på 1800-talet og godt inn på 1900-talet. Slektsromanane har gitt Edvard Hoem ein stor lesarskare. Den mest omtala romanen «Slåttekar i himmelen» har også blitt dramatisert, og folk har strøymd til teateret. Han har ein eigen evne til å teikne portrett av menneske som lever i enkle kår, med strev og slit, men som opplever at livet kan få ei ny vending når alt ser som mørkast ut. Folk kan enkelt sagt ikkje få nok av historiene til Hoem. Ikkje rar at den nyaste romanen er seld til bokhandlane i tusental.

Sett gjennom lokale auge er det ekstra stas når ein forfattar frå Romsdal er så produktiv som Edvard Hoem har vore, og det han skriv held så høgt litterært nivå. I løpet av dei 51 åra han har vore forfattar, har Hoem mellom anna skrive romanar, han har dikta salmar, skrive stykke for teater og gjendikta tekstar av William Shakespeare. Han har politisk brodd, og er ikkje redd for å ta fatt på store tema. Edvard Hoem er ein bauta i norsk litteratur. Det har stadig fleire oppdaga.

Hoem har blitt lønna med ei rad prisar og heider; mellom anna Ibsenprisen, Språkprisen og bokbransjen sin høgt akta Brages ærespris for framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv. Då han fekk sistnemnde pris, hamna Edvard Hoem i godt selskap med forfattarar som Klaus Hagerup, Halldis Moren Vesaas og Knut Faldbakken.

Det lovar godt når Edvard Hoem i intervjuet med Romsdals Budstikke fortel at han kan tenke seg til å vende blikket mot samtida att og skrive om det som skjer no. Vi ønskjer at Hoem gjer alvor av dette. Han har så uendeleg mykje å by oss på.