LESERINNLEGG

Kvinner i Aukra lever lengst!

Anita Oterhals Eide, gruppeleiar Aukra Høyre  Foto: Privat

Meninger

I fylkesstatistikken for 2020 kan vi lese at kvinner født i Aukra i år 2035 vil leve lengst i fylket, iflg SSB vil desse i snitt bli 90,4år. Dette er sjølvsagt ei gledeleg melding å lese. Samtidig gjer det at eg tenker at vi må sørge for at dei som skal bli foreldre i 2035 (og andre år) vil bu i Aukra!

Mykje er alt lagt til rette;

Barnehage:
Vi har ein moderne barnehage i Julsundet og får snart ein flunkande ny på Gossen. Vi har høg andel pedagogar og har dekt grunnbemanningsnorma i kjernetida. Begge barnehagane har kokk som lagar alle måltid og sørger for god og variert kost. I førre veke hadde dei Cowboy-mat, før dei hadde ball-dag, sjølvsagt med små potetballar for små magar. Tenk ein kvardag utan matboks!

Skule:
Vi har to nye og moderne skular. Her er det også kokk. Alle elevar får varm mat minst tre dagar i veka. Dette utjamnar forskjellar og sørger for god og næringsrik mat som bidreg til betre læringsmiljø og kunnskap om ernæring. Skulane har gode resultat og elevane som går ut frå Aukra skulane har høgare grunnskulepoeng enn både fylkessnittet og landssnittet.

Dette er fordelar som kjem foreldre som allereie bur i Aukra til gode, men vi treng at fleire kjem til!

Vi har fine tomtar tilgjengeleg i Aukra kommune, både kommunale og private, både på øy- og fastlandsdelen. Kommunen tilbyr startlån til unge husbyggarar i kommunen. Ikkje minst, i Aukra er det godt å bu!

Tilbake til fylkesstatistikken ser vi at 59 menneske har flytta ut av Aukra kommune i 2019. Dette har sjølvsagt fleire grunnar, det vil alltid vere vanleg at ung befolkning flyttar ut for å utdanne seg, men for å unngå ein del av utflyttinga, samt at dei unge flyttar heim igjen er vi avhengige av at det finst jobbar som er spennande, framtidsretta og attraktive!

Vi ønsker at Aukra i framtida skal vare ein kommune som legg til rette for næringsutvikling og ønsker gründerar velkommen. Det er viktig at vi får bedrifter med lokale eigarar som gir stabile arbeidsplassar i nærmiljøet vårt. Der jobbane finst vil folk bu.

Ordføraren haldt eit innlegg på dialogmøtet mellom politikarar og administrasjonen tidlegare i haust, på dette sa han: « Næringsutvikling må i større grad sjåast i samanheng med andre viktige kommunale innsatsområde som bustadutvikling, inkludering, tettstadsutvikling og tilflytting»

Det er viktig at vi har bedrifter med lokale eigarar i Aukra, desse gir stabile arbeidsplassar i nærmiljøet vårt. Der jobbane finst vil folk bu.

Ordføraren sa vidare: «økonomiske virkemidlar (eksempelvis kommunale næringsfond) vil være til hjelp for å styrke kommunen sitt arbeid for å legge til rette for nyetablerert- og eksisterande næringsliv» Dette har vi alt i Aukra Kommune.

Aukra er ein distriktskommune og vi må som mange andre prøve å gjere oss attraktive for unge tilflyttarar.

Det trur eg vi greier og eg håpar det blir fødd mange barn i Aukra Kommune i åra som kjem!

Anita Oterhals Eide,
Gruppeleiar Aukra Høyre

--------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal