LESERINNLEGG

Eldreomsorga i Hustadvika kommune

«Framtida til ein kommune er ikkje eit sololøp frå ein knapp posisjon, alle partia trengs med», skriv Lisbeth Valle i Hustadvika Senterparti i dette innlegget.  Foto: Bjørn Brunvoll

Meninger

Hustadvika kommune har, som fleire andre kommunar rundt om i landet, store utfordringar til demografien framover.

Det er ikkje slik at dette er nytt sprengstoff – vi har vel vore kjend med utfordringa lenge før vi gjekk inn partnarskap. Vi vert stadig fleire eldre, og færre i yrkesaktiv alder. Så kven skal passe på våre sjuke, og kvar skal vi gjere av alle som treng pleie og omsorg?


14 framtidige helsearbeidere sendte brev til ordføreren

– Det er hjemmet deres, jeg er sjokkert over forslaget til nedleggelse

En helse- og oppvekstklasse på Fræna vgs slår ring om Farstad omsorgssenter, og har sendt protestbrev mot nedleggingsforslaget. Det setter Borghild Vatne (100) og andre beboere pris på.


Dette har vore tema sidan 2011, og sidan valet har det vore jamleg diskutert og problematisert. Vi har hatt rapportar, undersøkingar, brukarmedverknad, dialogmøter, temamøter i hovedutval, prosesser både administrativt og politisk for å kome fram til dei beste forslaga. No er tida komen for å sette retning og gjere vedtak.

Det som er sikkert, er at vi må hjelpe fleire med færre hender og tenke annleis. Kvar enkelt tilsett kan ikkje springe fortare. Dei gamle vert fleire og lever lenger. Det er og lyspunkt, dei eldre er stadig friskare og flinke til å ta vare på helsa si.

Heldigvis er vi fleire parti i kommunestyret, med mange ulike syn på kva som er det rette å gjer. Det er slik det skal vere.


– Full forståelse for at folk er bekymret

Tove Henøen håper det blir diskutert alternativer i formannskapsmøtet torsdag, og vil ikke si klart nei eller ja til nedlegging. Hun roser elevengasjementet.


Det verkar litt merkeleg for meg, når andre ser ut til å tru at det er posisjonen sin forteneste at vi er i ein situasjon med så mange eldre. Dei ser ut til å meine at det er fordi vi har brukt for mykje pengar på skuleutbygging, at vi har fått utfordringar med eldreomsorga. Dei trur visst at vi ikkje har fått med oss kva som skjer, så derfor må dei bruke spalteplass på å fortel oss kva vi gjer feil og at vi ikkje har skjønt det. Dei tenkjer og at det for sikkerheits skyld bør poengterast at kommunedirektøren berre gjer jobben sin. Takk for opplysinga! Godt å høyre! Eg er littegrann lei av å diskutere skule med dei som ikkje er spesielt interesserte i å diskutere sakleg, der det viktigaste er å få sagt frå om kor gale det er, uansett liksom.

Vi gjekk stolte til val, og stolte vann vi jammen mange stemmer på knakande godt partiprogram. Vi vil ha levande bygder. Med skule og med omsorgssenter. Ung og gamal. Eg har respekt for at det er tungt å vere i mindretal. Å ikkje få bestemme alle ting heilt sjølv, å måtte tape det ein sjølv ser som gode saker. Skuleutbyggingane vert enno ein gong trekt fram som årsaka til at vi må spare på helse- og omsorgsbudsjettet. Sanninga er ei anna.

Vi skal ikkje gå i fella å sette skule opp mot eldre. Begge deler er viktig, heilt rett poengtert dei største postane i budsjettet.

Sanninga er at skuleutbyggingane ville belasta budsjettet omtrent på krona likt dersom ein hadde gått for storskule på Haukås og 1.-4. på Sylte og Tornes. Med klassedeling, lærartettleik, skuleskyss, utbyggingskostnadar og alt summert. Men kanskje ein kan sjå framover no da, sidan dette uansett er vedteke og gammalt nytt?


Protestmarkering for Farstad omsorgssenter

Politikerne i formannskapet i Hustadvika vil bli møtt av en folkemengde når de torsdag skal behandle forslaget om å legge ned Farstad omsorgssenter.


Ein tidlegare kommunestyrepolitikar eg har stor respekt for, sa ein gong til meg at det viktigaste han hadde lært etter 16 år i kommunestyret, var at ein ikkje alltid hadde rett og at andre kunne ha betre løysingar enn han sjølv.

Mange er spente på korleis ein skal løyse utfordringane vi står ovanfor med stadig fleire eldre, dekningsgrad og omsorgsnivå. Vi har tverrpolitisk vorte einige om ein dekningsgrad på 18-20 prosent, mot dagens 24 prosent. For å komme dit, må ein vere villig til å gjer grep. For å kunne vere sikker på å gjere dei rette grepa, er det viktig at vi har alle alternativa framfor oss, og at ein sikrar medverknad frå dei det gjeld.


Flere institusjoner kan bli lagt ned

Flere institusjoner i Hustadvika kan bli lagt ned i løpet av de kommende åra.


Vi har sagt at vi er nøydt å gjere noko med omsorgstrappa, altså nivåinndelinga. Dei sjukaste må få bu på egna sjukeheimar sentralt i kommunen, medan vi legg til rette for omsorgsbustader lokalt i grendene. Vi må styrke heimetenesta. Vi må digitalisere og ta i bruk ny teknologi. Vi må samarbeide med tilsette og organisasjonane for å rekruttere fagfolk for framtida. Og vi må spare pengar.

I dialogmøta har vi vore samstemde om at administrasjonen må gje oss faglege og solide grunnlag for dei avgjerdene som må takast, slik at ein enklare kan nå ei målretta og treffsikker retning for eldreomsorga.

Framtida til ein kommune er ikkje eit sololøp frå ein knapp posisjon, alle partia trengs med. Vi treng gode diskusjonar og saklege debattar. Dersom ein kan konsentrere seg om sak og sleppe å skyggebokse rundt gamle kampar, kjenner eg at det er enklare både å få gode diskusjonar, men og å få ei større involvering frå fleire.


Enhetsleder på Farstad:

Enhetsleder på Farstad om nedleggingsforslaget:– Baklengs inn i framtida

– Elevtallet i kommunen går ned mens antall eldre vil øke kraftig. I en slik situasjon skal man legge ned omsorgssenteret. Jeg lurer på om vi nå går baklengs inn i framtiden .


Til sjuande og sist, er det vi som er politikarar som må fatte den endelege avgjerda også i dei store sakene. Sjølv om det ikkje er lett å vite kva som er best alltid, er det eit ansvar vi alle har fått som folkevalt. Det er et stort ansvar, òg i dei sakene der ein ikkje vinn fram med sitt syn. Då må ein gå vidare til neste sak. Slik vert det eit levande demokratisk samfunn.

Lisbeth Valle,

Hustadvika Senterparti

--------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal