LESERINNLEGG

Olje- og gassnasjonen Noreg

Bernhard Riksfjord, tidligere ordfører i Aukra  Foto: Olav Skjegstad

Meninger

Vi kan takke framsynte og dyktige politikarar og samfunnsaktørar for at Stortinget på 1960-tallet til slutt vedtok at Noreg skulle ha nasjonalt ansvar og kontroll med olje - og gassforekomstane på norsk sokkel. Og ikkje minst stortingsfleirtalet som i 1979 vedtok å kunne ha petroleumsvirksomhet også nord for 62. breddegrad. Dette var viktige og riktige politiske avgjersler som gjorde den økonomiske velstandsutviklinga og det norske velferdssamfunnet, slik vi kjenner det i dag, mulig å få til.

Olje- og gasseventyret har blitt Noregs desidert største og viktigaste næring målt i inntekt, verdiskaping, investeringer og ikkje minst med hundretusener av dyktige sysselsette i denne sektoren. Petroleumsnæringa har bidratt med ufattelege store inntekter til finansieringa av velferdsstaten vår. Staten si nettotilføring frå petroleumsverksemda til årets nasjonalbudsjett, er på svimlande 245 milliarder kroner, medan «oljefondet/pensjonsfondet» har passert astronomiske 10 tusen milliardar kroner. For dei som kunne tenke seg å telje pengane, så er det på sin plass å opplyse om at det tek nærare tredve år å telje til ein milliard.

Eventyret kan fortsette med framtidsretta teknologi og nye muligheter, eksempelvis innan hydrogenproduksjon og karbonfangst og - lagring.

Noreg har tatt, og tar ansvar, i klima- og miljøpolitikken. Det er folkerike nasjonar i Europa der omlag 80 prosent av energibehovet fortsatt kjem frå kull. Fleire av desse nasjonane ønskjer heller å bruke gass som ein del av det grøne skiftet, og her kan Noreg framover bidra med leveranse av gass i tiår etter tiår. Vår del av produksjonen av olje og gass i verda er berre på 2-3 prosent. Etter mitt syn er det likevel betre at Noreg fortsetter som ein god, ansvarlig og sikker olje- og gassnasjon, og ikkje overlet heile denne industrien og produksjonen til land som for eksempel Russland og Saudi -Arabia.

Då finanskrisa ramma verda på ein omfattande måte, hadde Noreg eit klart betre utgangspunkt og handlingsrom innan økonomi og finans enn dei fleste andre land. Corona-viruset har no ramma heile verda og det har ført med seg store omveltninger og problem på mange områder. Noreg kan på nytt gjennomføre store økonomiske bidrag og tiltak, og bruke hundrevis av milliarder kroner til sysselsetting og hjelp for utallige bransjar og områder. Desse tiltaka og krisepakkene kan gjennomførast takka være «oljefondet» vårt. Gamle og nye motstandarar av petroleumsnæringa i Noreg kjem, nok ein gong, på banen og føreslår å bruke fleire milliarder av kroner frå «oljefondet». Pengar som ikkje ville ha vore der om deira store motstand hadde fått rotfeste og politisk fleirtal.

Petroleumsnæringa har også stor lokal og regional betydning i midt- Noreg, både økonomisk og for sysselsettinga, med gode eksempel som Stjørdal, Trondheim, Kristiansund, Aure og Aukra. Dei nærare 300 millionar kronene som Aukra kommune har tilført kommunane i Romsdal, hovudsaklig gjennom GassROR IKS, må også nøktern sagt være svært positivt. Desse tilføringene er mulig på grunn av petroleumsaktiviteten på Nyhamna.

Noreg står for berre 2,5 prosent av all olje- og gassproduksjon i verda. Derfor er det ekstra imponerande å sjå korleis desse få prosentane har bidratt, så mykje og så lang tid, til eit meget godt, trygt og velfungerande velferdsamfunn i Noreg. Det norske eventyret kan vi takke mellom anna ein god og framtidsretta olje- og gasspolitikk, mange dyktige og kompetente folk og sjølvsagt ein slump med flaks. I framtida må Noreg drifte og forvalte olje- og gassressursane våre på ein god måte, men samtidig må vi bidra til å utvikle dei nye løysningene som verda treng for å produsere energi utan, eller minst mulig utslepp. Dette krev mellom anna ein god og balansert olje- og gasspolitikk samt kompetanse og utvikling innan og utanfor sektoren. Vi må med andre ord forvalte dei viktige ressursane og verdiane våre på den eine sida og ta vare på miljøet og det grøne skiftet på den andre. Eg har god tru på at Noreg greier begge deler.

Bernhard Riksfjord, Aukra

-----------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal